Har du røysterett?

For å ha røysterett ved stortingsvalet, må du både 

  • vere norsk statsborga
  • ha fylt 18 år innan utgangen av valtåret
  • vere, eller nokon gong ha vore, folkeregisrert i folkeregistreret som busett i Norge.

Korleis du kan røysta

Sjølve valet foregår ved personleg oppmøte i eit vallokale på valdagen, eller ved å avgje ei førehandsrøyst. Dersom du har førehandsrøysta, er det denne som gjeld. Du kan fritt bestemma om du ønskjer å avgje førehandsrøyst eller om du vil røysta på valdagen.

Her kan du førehandsrøysta

Du kan førehandsrøysta i perioden frå 11.august til og med 5.september.

Stad: Rådhuset, Uggdalsvegen 301

Tabellen under vil bli oppdatert med opningstider.

Opningstider

Kvardagar i veke 33-36kl. 00 00 til kl. 00 00
  
Langope: 
  
  
  
  
  

Hjelp til å røysta

Ta kontakt med valmedarbeidar dersom du har spørsmål eller treng rettleiing når du skal røysta. Valmedarbeidarane har teieplikt.

Dersom du har ein psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing som gjer at du ikkje kan røysta aleine, har du rett til å få hjelp til å røysta av ein valmedarbeidar eller annan persin du sjølv peikar ut.

Informasjon til veljar (tidlegare valkort)

Valdirektoratet sender ut informasjon til alle røysteberettiga med folkeregistrert adresse i Noreg om at dei har røysterett og kor dei kan røysta på valdagen.

Informasjonen blir hovudsakleg sendt digitalt. Dersom du har reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege eller ikkje har bekrefta opplysningane i kontakt- og reservasjonsregistreret dei siste 186 månadane mottek du denne informasjonen fysisk.

Til skilnad frå valkortet er dette eit reint informasjonsskriv. 

Røysta heima

Veljarar som op grunn av sjukfom eller uførheit ikkje kan oppsøka eit røystelokale, kan avgje førehandsrøyst i heimen. Då kjem det to valmedarbeidarar heim til deg og mottek røysta di.

Frist for å søkja om heimerøysting, er torsdag 4.september kl.12.00.

Søknad må innehalda namn, telefonnummer, adresse og fødselsdato. Du vil bli kontakta om tidsrom for røystegjeving.

Du kan senda søknad til post@tysnes.kommune.no, eller ringa på telefon 53 43 80 00

 

Røysta i utlandet

Frå 1.juli til 29.august kan veljarar som bur eller oppheld seg i utlandet førehandsrøysta på norske ambassader, andre utanriksstasjonar eller hos andre oppnemnte røystemottak.

Nærare valet finn du røystestader i utlandet på valglokaler.no.

Veljarar i utlandet som ikkje har høve til å oppsøka eit røystemottak, kan røysta ved brevpost.

Ved brevrøysting har veljaren sjølv ansvar for at røysta kjem inn til valstyret i riktig kommune innan kl. 17.00 den 9.september.

Står du i manntalet?

Alle veljarar som har røysterett og er busett i Norge, står i manntalet i den kommunen dei var registrert busett i per 30.juni 2025.

Dersom du har flytta etter denne datoen, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du har flytta frå. Du kan då velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta. Førehandsrøysta kan du avgje ved eit røystelokalet der du sjølv vil. 

Dersom du er busatt i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Norge tidlegare, skal du førast inn i manntalet i den norske kommunen du sist var registrert som busatt i.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstandsmedlemmar, som aldri har vore busett i Norge, blir ført inn i manntalet i Oslo Kommune.

Du kan sjekka om du er innført i manntalet ved å besøkja rådhuset i Tysnes kommune i perioden frå 12.juni-8.september.

Er du ikkje ført inn i manntalet? Ta kontakt med oss på e-post: post@tysnes.kommune.no

Tidlegrøysting

Frå 1.juli til 8.august kan du tidlegrøysta i kva som helst kommune, dersom du ikkje har høve til å røysta i den ordniære førehandsperioden eller på valdagen.

Røystestad: rådhuset, Uggdalsvegen 301

Åpningstider: kl. 09.00-15.00

Hugs legitimasjon!

Vallokaler og opningstider valdagen

På valdagen kan du røysta her:

RøystekrinsVallokaleOpningstid
UggdalRådhusetkl.10.00-18.00
ReksterenReksteren idrettshuskl. 10.00-18.00
OnarheimOnartunkl. 10.00-18.00
LundeLunde bedehuskl. 10.00-18.00
VågeTysnes kyrkjestovakl.10.00-18.00

Hugs legitimasjon!

Valstyret

Valstyret har ansvar for førebuing og gjennomføring av stortingsval

Valstyret blir leia av ordførar Synnøve Bakke.