Kommuneplan

Kommunen skal ha ein arealplan for hele kommunen (kommuneplanens arealdel) som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk. Det kan utarbeidas arealplanar for delar av kommunens område (kommunedelplan).

Plankartet skal i nødvendig utstrekning vise hovudformål og hensynssoner for bruk og vern av areal og omfatte plankart, føresegner og planomtale kor det framgår korleis nasjonale mål og retningslinjer, og overordna planar for arealbruk, er ivaretatt.

Reguleringsplanar

Reguleringsplan er eit arealplankart med tilhøyrande føresegner som syner bruk, vern og utforming av arealer og fysiske omgjevnader.

Kommunestyret skal sørgje for at det blir utarbeida reguleringsplan for dei områder i kommunen kor dette følgjer av loven eller av kommuneplanens arealdel, samt der det elles er behov for å sikre forsvarlig planavklaring og gjennomføring av byggje- og anleggstiltak, fleirbruk og vern i forhold til aktuelle private og offentlege interesser.

Reguleringsplan kan utarbeidast som områderegulering eller detaljregulering.

Planregister

Jf. plan og bygningslova § 2-2 skal kommunen ha eit planregister som gir opplysningar om gjeldande arealplanar og andre føresegner som fastlegg korleis areala skal utnyttast.

Planregister til Tysnes kommune er tilgjengeleg for publikum via internett;

Arealplaner.no - Planregister

Kart Tysnes (kommunekart.no)