Kontakt

08:00 - 16:00 Barneverntenesta, tlf: 47 66 55 17

16:00 - 08:00 Barnevernvakten i Bergen,  tlf: 55 36 11 80

Foreldrerettleiing

Tysnes kommune tilbyr foreldreveiledning

Som foreldre vil me alle oppleva å føle oss utilstrekkelege i møte med barnet sitt behov.

COS-P er eit foreldrekurs som ønskjer å styrka deg om forelder til å forstå kva barnet ditt ønskjer frå deg.

Kurset kan være nyttig for alle, uavhengig av utgangspunkt.

Kva gjer barnevernet

Barneverntenesta har som oppgåve å ta vare på dei mest utsette borna i kommunen.
 
Barnevernet skal verna born mot omsorgssvikt og motverka at borna lir fysisk og psykisk overlast. Blir barnevernet kjent med slike tilhøve, har det ei lovbestemt plikt til straks å undersøkja korleis barnet har det, og om nødvendig setja i verk tiltak.


Barnevernet sitt arbeid er ei blanding av støtte og kontroll. Det skal gjevast hjelp og støtte for at heimen skal kunne makta sitt oppdragaransvar, men barnevernet har også plikt til å gripa inn dersom dette ikkje nyttar.

Barnevernsmeldingar

Mange barnevernsaker startar ved at foreldra sjølve tek kontakt. Også offentlege tenestemenn, naboar, familiar og andre kan melda frå til barnevernet dersom dei er bekymra for eit barn.
 
Barnevernet har eigne skjema for meldingar.
 
Privatpersonar kan be om anonymitet, men dei kan ikkje fritakast for vitneplikt dersom saka skal behandlast i Fylkesnemnda eller i domstolane.


Alle meldingar blir vurderte innan ei veke, og dersom det er grunn til det, blir dei undersøkt nærare for så å bli vurdert i høve til eventuelle hjelpetiltak.

Hjelpetiltak

Barnevernet vurderer først om det er mogeleg å gje hjelp til barnet og familien slik at dei kan fungera betre i heimesituasjonen.

Som førebyggjande hjelpetiltak brukar ein råd/rettleiing, tilsynsførar, avlasting/besøksheim, plass i barnehage/skulefritidsordning, støttekontakt, økonomisk støtte til barnet slik at det kan delta i fritidsaktivitetar o.l.

Plassering utanfor heimen blir først vurdert dersom friviljuge hjelpetiltak ikkje fører fram eller vert vurdert som nyttelause.

Barneverntenesta samarbeider med fylkeskommunen om å finna eigna fosterheimar og institusjonsplassar. Når det gjeld avlastning-/besøksheim og støttekontaktar ønskjer barnevernet å koma i kontakt med familiar som er interessert i å hjelpa barn som har behov for det.

Søk om hjelpetiltak frå barneverntjenesten.pdf

Teieplikt

Alle som arbeider i barnevernstenesta har teieplikt. Teieplikta omfattar også fødestad, fødselsdato, personnummer, adresse, statsborgarskap, sivil status og arbeidsstad.

Klage

Dei som er partar i saka, har klagerett og søksmålsrett. Alle vedtak som vert fatta av barneverntenesta i kommunen, kan klagast til fylkesmannen. Fristen for klage er 3 veker. Vedtak som vert fatta av fylkesnemnda kan bringast inn for tingretten til rettslig overprøving. Fristen for å bringa saka inn for retten er 2 månader.