Kommunen si rolle som lokal barnehagemynde er heimla i barnehagelova med forskrifter.
Som lokal barnehagemynde skal kommunen sjå til at barnehagane vert drivne i samsvar med regelverket. Denne rolla vert utøvd gjennom rettleiing, tilsyn og godkjenning av alle barnehagane i kommunen. Ansvaret som barnehagemynde gjeld både for kommunale og eventuelle private barnehagar.
Som barnehagemynde kan kommunen gi pålegg om retting av ulovlege eller uforsvarlege forhold ved godkjente eller godkjenningspliktige verksemder. Å sikra at regelverk vert følgt medfører aktivitet om å vurdera risiko for brot på barnehagelova med forskrifter, og plikt til å bruka verkemidla slik at barnehageeigar sin praksis er i tråd med regelverket.
Du kan lesa meir om kommunen si rolle som barnehagemynde her:
Tilsyn i barnehagen
Kommunen fører tilsyn med kommunale og eventuelle private barnehagar og kan pålegge dei å rette opp uforsvarlege eller ulovlege forhold. Målet med tilsyn er å sikre at barnehagane følgjer lover og forskrifter, og at barna får eit tilbod med god kvalitet. Barnehageeigar er ansvarleg for å oppfylle krava i regelverket.
Tysnes kommune har skriftleg rutine for tilsyn med barnehagane i vår kommune. Rutina er eit samarbeid i Midthordaland kompetanseregion, og synleggjer på kva måte kommunen som barnehagemynde tek i vare oppgåva med rettleiing og tilsyn. Tilsynet vert utført av kommunalsjef for oppvekst saman med eit utval frå kommunane i Midthordland kompetanseregion.
https://aimblob.blob.core.windows.net/aimfiles/9d43e11f-015d-465f-9609-4007723ca712.pdf