Målet med informasjonsmøte 65 + er å gi informasjon som kan hjelpe innbyggjarane til å leve eit godt liv som senior. Tilbod som finst i kommunen, enkle førebyggjande tiltak, og branntryggleik vil vere aktuelle tema på møtet.
Tilbod om informasjonsmøte kvart andre år
Tysnes kommune har gjennom «Handlingsplan for eit aldersvenleg Tysnes 2023-2027» gjort vedtak om å arrangere «Informasjonsmøte 65+».
Det er planlagt at møtet vil bli gjennomført annakvart år i planperioden.
Informasjonsmøte 16.11.23
Dato: 16. november (torsdag)
Klokka: 14:00 - 16:00
Sted: Tysnes omsorgssenter
Program:
- Framtidsfullmakt
- Branntryggleik
- Pause med kaffimat og drøs
- Frivilligheit og aktivitetstilbod
- Tilrettelegging av bustad
Påmelding på telefon: 53 43 70 00
Tilbod om meir informasjon og heimebesøk
Det vil under møtet vere mogleg å teikne seg på for å få meir tilpassa informasjon, enten i heimen eller ved møte.
Tidsramme per besøk er lagt til ein time, og du er med på å bestemme tema for samtalen.