- 60.464 m kommunal veg
- 9 større kommunale kaiar og eit utal mindre kommunebryggjer
- 500 kommunale vegljos langs riks-, fylkes- og kommunevegane
- 19.941 m2 kommunale bygg med 79.336 m2 uteareal
- 11.873 m kommunale kloakkavlaupsnett med 3 pumpestasjonar, 1 silreinseanlegg, 8 større slamavskiljarar og 8 utsleppsanlegg i sjø.
- 2 kommunale vassverk
Me har og det overordna og forvaltningsretta ansvaret for at tenesteytinga innan renovasjon og slamtøming er god og er til å stola på når det gjeld frekvens og innhald. Kundane våre må stola på at ordningane heile tida er optimale med god kvalitet til akseptabel kostnad. Renovasjon- og slamtømeordninga, omfattar fastbuande abonnentar og hytteabonnentar.
SIM (Sunnhordland interkommunale miljøverk) er det utøvande organet, som syt for at den praktiske utøvinga av tenesta vert gjennomført.
Tysnes kommune har to kommunale vassverk og XX private. Teknisk drift og vedlikehald har ansvaret for å sjå til at Kommuneplan for vassforsyning blir gjennomført. Vasslaga og kommunen har etablert eit felles kontaktutval der alle spørsmål vedkomande samarbeid om drift, vedlikehald, fagleg utvikling og investeringar blir drøfta.
Teknisk drift og vedlikehald har og ansvar for å etablera overordna planar, detaljplanar og stå føre utbygging av nye byggjefelt, hovudkloakkanlegg og sanering av eksisterande private kloakkar og me er aktive bidragsytarar i samband med all kommunal nybygging.