- Aktivitetsplikta
Plikt til å følge med
Alle vaksne i barnehagen har ei plikt til å følge med på korleis barna har det. Dette er eit arbeid som skal vere kontinuerleg og systematisk.
Plikt til å gripe inn
Alle vaksne i barnehagen skal gripe inn viss barn vert utsett for krenkingar.
Plikt til å varsle
Alle som arbeidar i barnehagen skal melde frå til styrar i barnehagen dersom dei får mistanke om eller kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemiljø.
Plikt til å undersøke
Plikta starter når ein har mistanke om, eller får kjennskap til at eit barn ikkje har eit trygt og godt barnehagemijø. Barnehagen skal undersøke barnet si oppleving og skal finne ut kva som er årsaka til at barnet ikkje har det bra.
Plikt til å sette inn tiltak
Barnehagen har ei plikt til å utarbeide ein skriftleg plan med eigna tiltak. Tiltaka skal veljast på grunnlag av ei konkret og fagleg vurdering.
I den skriftlege planen skal det stå:
kva problem som skal løysast
kva barnehagen har planlagt
når tiltaka skal gjennomførast
kven som skal gjennomføre tiltaka
når tiltaka skal evaluerast
- Barnehagen si aktivitetsplikt
Alle som arbeidar i barnehagen må følge med på at barna har det bra. Om ein vaksen i barnehagen får vite om, eller får mistanke om at eit barn blir utsett for krenkingar skal dei gripa inn, undersøke saka og sette inn tiltak som skal gjere at barnet får eit trygt og godt barnehagemiljø.
I alvorlege tilfelle skal styrar melde til barnehageeigar.