Psykisk helsehjelp for barn og unge har som målsetjing å hjelpe dei som strevar med milde til moderate psykiske plager.
Psykisk helsehjelp skal jobbe helsefremjande og førebyggjande, og har ansvar for kartlegging av hjelpebehovet, samt vurdere behov for vidare behandling og oppfølging.
Psykisk helsehjelp for barn og unge jobbar etter team modell. Teamet består av einingsleiar i helsefremjande og førebyggjande tjenester, psykiatrisk sjukepleiar / fagleiar, og psykisk helsearbeidar for barn og unge. Teamet får jamleg rettleiing frå ekstern psykolog.
Kven kan få hjelp?
Tilbodet er eit lågterskeltilbud for barn og unge 0-18 år.
Tilbodet er gratis.
Tilbodet er for barn, unge, og familiar
- som sjølv tar kontakt direkte.
- som tar kontakt med oss i følgje med andre t.d. fastlege, helsestasjon, skulehelseteneste eller spesialisthelsetenesta.
Korleis ta kontakt?
- Du kan ta kontakt via e-post, eller direkte kontakt pr. telefon til ein av kontaktpersonane under.
- Du kan fylle ut skjema, «Ynskje om psykisk helsehjelp for barn og unge» printe ut og levere i skranken på Rådhuset, eller send pr. post til:
Tysnes kommune, Psykisk helsehjelp for barn og unge, Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal.
- Du kan få utlevert skjema i skranken på Rådhuset i opningstida dersom du ynskjer det.
Vi har team-møte kvar 14. dag og du kan forvente å bli kontakta på telefon eller post innan tre veker etter at vi har motteke skjema.
NB! Vi er ikkje akutteneste, dersom det er akutt må lege/legevakt/113 kontaktast.
Kva vi kan tilby
- Individuelle støttesamtalar til barn og unge.
- Tidsavgrensa samtaletilbod og møter med barn og unge, og deira familiar og nettverk.
- Foreldrerettleiing.
- Hjelp til å kome i kontakt med andre aktuelle tenester og tilbod som jobbar med barn og ungdom.
- Samarbeid med den det gjeld og andre aktuelle tjenester som til dømes lege, NAV, helsestasjon, skule, barnevern, spesialisthelsetenesta psykisk helse for barn og unge (PHBU)
Vi har fokus på
- Born og ungdom sin livssituasjon.
- Ressursar og mogelegheiter.
- Å sjå på mogleg løysning saman med dei det gjeld.