Nokre barn i alderen 0-18 år opplever i løpet av oppveksten sin å vere pårørande.
Når foreldre, søsken eller andre nære vert ramma av dødsfall, somatisk eller psykisk sjukdom, alvorleg skade eller rusmiddelavhengighet, så verkar dette inn på heile familien. I slike situasjonar kan barn oppleve at livet vert endra og vanskeleg.
Kontaktperson for barn som pårørande skal sikre at barnet og familien får tilbod om heilheitlege og koordinerte tenester ut frå sine ynskjer og behov.
Kontaktperson for barn som er pårørande kan tilby eller tilvise til andre fagpersonar for:
• Støtte- og rettleiingssamtalar til barnet, foreldra og familie
• Informasjon og kunnskap om det å vere barn som pårørande
• Råd og rettleiing til barnehage og skule
• Hjelp til å kome i kontakt med andre instansar