Onarheim er ein barneskule for heile Onarheim sokn som strekkjer seg frå Hodnanes til Nymark.

Skulen har kring 30 elevar fordelt på 1.- 6. årssteg.

Skulen har SFO tilbod alle dagane i veka. Tilbodet føl skuleruta.

Skulen vart bygd i 1957 og er bygd på og rehabilitert sidan då. I 1975 med gymnastikk-, formings- og administrasjonsavdeling. Hausten 1998 vart det teke i bruk eit nytt tilbygg med to klasserom. Skuleåret 2010/11 var skulen gjennom ei rehabilitering som mellom anna omfatta installering av ventilasjonsanlegg i heile bygningen.

Onarheim skule har delt bygning med Onarheim barnehage, men hausten 2024 flyttar barnehagen inn i eige nybygg. Skulen disponerer dei gamle lokala til barnehagen til eigen SFO-avdeling.

Onarheim skule har fem klasserom, formingsavdeling, gymsal, bibliotek, skulekjøken, grupperom og tilrettelagte arbeidstilhøve for dei tilsette.