Formålet med et godt adressesystem er omtala i matrikkelforskrifta § 49 der det står:

Adresser og skilt skal sørge for at alle på en lett og forståelig måte kan identifisere og finne fram til bygninger, atkomst til bygninger, boliger og andre objekter eller steder som det er viktig å finne fram til. Adressen skal også tjene som stedfestingsobjekt og nøkkel til aktuell informasjon i private og offentlige registre og arkiv. Føring av adresser i matrikkelen skal bidra til et felles adressesystem for hele landet.

I Noreg har me i dag to adressesystem, vegadressar og matrikkeladressar. Matrikkeladresse er ei talrekkje sammensett av eigedommen sitt gards- og bruksnummer og eventuelt festenummer og undernummer. Denne "talladressa" kan t.d. sjå slik ut: 12/158/5-8. Ein vegadresse inneheld vegnamn og husnummer, for eksempel Fjellvegen 152. Matrikkeladressa er lite eigna for å finne fram til hus og er vanskeleg å huske. Vegadresser derimot er til uvurderleg hjelp for ei lang rekkje verksemder som skal tene innbyggjarane i ein kommune, frå ambulansen og utrykkingsetat, drosjar og postverk til heimesjukepleie og vareleverandørar.

Tysnes kommune har den 23.4.1996 vedteke at ein skal innføre vegadressar i Tysnes kommune. Kartverket jobbar for at alle kommunane i Noreg har innført vegadresser på alle adresseobjekt innan 2015.

Det er to ulike lovverk som gjev heimelen for adressearbeidet; matrikkellova for tildeling av offisiell adresse og lov om stadnamn for fastsetjing av skrivemåte. Val av sjølve vegnamn er eit politisk vedtak.

Adresseparsellar

Den delen av vegnettet som skal ha same vegnamn vert kalla ein adresseparsell. Eit adressesystem skal være lett å orientere seg i uavhengig av vegtype og eigartilhøve. Både privatvegar og skogsbilvegar kan få tildelt namn i tillegg til offentlege vegar.

Prinsipp for adressering

Det er to hovudprinsipp for adressering. Kantprinsippet vert nytta i sentrumsområda og regulerte bustadfelt, samt regulerte hyttefelt der det er hensiktsmessig. Avstandsprinsippet vert nytta i område med spreidd bebygging. Startpunkt for nummertildeling er normalt der vegen tar av fra overordna veg.

Kantprinsippet

Det vert teke utgangspunkt i starten av vegen og vert nummerert samanhengande med oddetall på høgre side og partal på venstre side som hovudregel. Nummereringa følgjer kanten av vegen inn i stikkvegar, gardsplassar o.l.

Avstandsprinsippet

Adressenummer vert tildelt i forhold til adressen sin avstand frå start på vegen, oppgitt i nærast heile timeter. Ein avstand på 430 meter gjev difor adressenummer 43 på høgre side, eventuelt 42 eller 44 på venstre side. For stikkvegar som skal adresserast til en adresseparsell med avstandsnummerering, vert avstanden rekna til der stikkvegen tar av.

Fordelen med avstandsprinsippet er fyrst og fremst at ein automatisk får reservert ledige nummer og at ein får parallell nummerering. Dette er eit svært nyttig system for dei som skal finne fram til ein oppgitt adresse, for dersom ein er kjend med at dette prinsippet er nytta veit ein alltid kor langt ein skal køyre.

Områdeadressar

Områdeadressar er ein samanhengande tildeling av adressenummer knytt til eit stadnamn. Det kan nyttast i område utan vegtilknytning, f eks i hytte- eller sæterområder og på øyar, holmar og andre område utan vegtilknytting.

Adressenamn

Adressenamn og stadnamn er erfaringsmessig saker som skapar stort engasjement blant innbyggjarane i ein kommune og det blir difor lagt opp til størst mogleg brukermedverknad i prosessen.