Formål

Tilskot til kunst og kulturformidling skal

  • verka og inspirera til lokalt engasjement
  • verka og inspirera lag/organisasjonar/einskildpersonar til å dra i gang nye og gode initiativ som vil gi effekt i lokalsamfunnet og ha varig verdi
  • verka til og inspirera til å fremja nyskaping, innovasjon og utvikling i Tysnes kommune

Kva kan det søkjast om?

Støtte vert gjeve til sluttføring av prosjekt, til dømes arrangement, utstilling, musikkinnspeling, bokutgjevingar m.m. Det vert ikkje gjeve støtte til forarbeid og konseptutvikling.
Tilskotet er ein eingongsstøtte, det vert ikkje gjeve støtte til driftskostnader. 

Kven kan søkje?

Søkjar eller prosjektet må ha forankring i Tysnessamfunnet. 
Alle som søkjer må ha organisasjonsnummer.

Kor mykje kan ein få i støtte?

Det kan i utgangspunktet ikkje gjevast støtte utover kr. 20.000, til eit einskild prosjekt. Det kan gjerast unntak der prosjektet har vesentlege verknader for marknadsføring, identitet og utvikling av Tysnessamfunnet.

Krav til søknad

Det skal leggjast fram ein finansieringsplan for prosjektet, støtte frå andre aktørar kan leggjast vekt. Søknad sendast til post@tysnes.kommune.no

Krav til rapportering

Tiltaket/prosjektet skal gjennomførast innan eitt år etter midlar er tildelt. 
Sluttrapport og rekneskap skal leverast eitt år etter midlar er tildelt.

Sakshandsaming

Søknadene vert handsama fortløpande av formannskapet. Alle søknader handsamast ope.