Tilskot til nærmiljøtiltak
1. Lag og organisasjonar som driv med nærmiljøtiltak i Tysnes kommune kan søkje om midlar under denne ordninga.
2. Alle som søkjer må ha organisasjonsnummer.
3. Lag og organisasjonar som får eit fast årleg tilskot kan ikkje søkja.
4. Det kan både søkjast om tilskot til drift av laga og til særskilte tiltak. Dette kan tildøme vere bygging, merking og vedlikehald av turveier og stiar, rydding av plast og anna boss, bygdesamlingar, fellesmåltid i grendehus, bygging av nærmiljøanlegg som tildøme ballbingar og leikeplass, vedlikehald og opprusting av ungdomshus og grendehus og andre tiltak i nærmiljøet.
5. Tilskot til kurstilbod og/eller fritidstilbod for barn og unge, eldre, personar med spesielle behov og integrering av personar med anna kulturell bakgrunn vil bli prioritert.
6. Organisasjonar som primært tek seg av medlemer sine yrkes- eller økonomiske interesser, religiøse organisasjonar som i all hovudsak driv forkynning, politiske organisasjonar og organisasjonar som har som oppgåve å samla inn pengar til ymse tiltak og andre organisasjonar, kan ikkje få tilskot. Religiøse samfunn som får statsstøtte blir ikkje rekna som friviljuge organisasjonar.
7. Årsmelding, rekneskap og budsjett skal leggast ved søknad.
Ved tildeling av tilskot gjeld også standardvilkår for tilskot, disse finn dykk her: Standardvilkår for tilskot til kultur.pdf
Søknadsskjema: