Kort om tilskotet

De kan søkje om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet som er opne for ålmenn idrettsleg verksemd, og som ikkje er underlagd fortenestebaserte eigarformer.

Ein kan søkje om tilskot i to kategoriar: 

  • Ordinære anlegg: Tilskot på inntil 1/3 av godkjend kostnad. Maks tilskot varier med anleggstype.
  • Nærmiljøanlegg: Tilskot på inntil 50% av godkjend kostnad med ein øvre ramme på kr 300 000. 

Om søknadsprosessen

For informasjon om vilkår, krav og søknadsprosessen kan du gå til anleggsregisteret.no.

Alle som søkjer må setje seg inn i føresegna for ordninga.  

Før ein kan søkje må ein ta kontakt med kommunen for å få registrert anlegget i Anleggsregisteret. 

Frister og sakshandsaming

Søknadsfristen er 1.11.2024. 

Søknadene vert først handsama politisk i Tysnes kommune som prioriterer søknadane. 

Søknadene blir oversendt til Vestland fylkeskommune for vidare handsaming 15.01.2025. Endeleg svar på søknaden kan påreknast i midten av juli 2025.