Prisavslag for privatpersonar
For alle privatpersonar som kjøper tomt av Tysnes kommune er det avslag i pris på alle tomter med kroner 100.000,- i høve prisane som er oppgjevne i prislista.
Byggjefelt og oversikt over ledige tomter
Felles for felta, er at dei har sentral plassering i landlege omgjevnader med god utsikt i dei ulike bygdelaga.
Oversikt over ledige tomter vert oppdatert løpande ved sal av tomter – me ber om at de tek høgde for at oversikten ikkje er oppdatert, og tek kontakt ved spørsmål.
For kjøp av tomt i Tysnes kommune gjeld følgjande retningsliner
Einebustadtomtene er øyremerket for private personar som vil etablere seg og bu på tomtene. Tomtene som er øyremerket til fleirfamiliehus kan kjøpast av private personar som vil samarbeida om å etablera seg og bu på tomtene, eller av firma som vil etablere husvære for sal eller utleige i den frie marknaden, til personar som vil busetja seg i feltet.
Det er ikkje høve til å tilretteleggja tomter i bustadfeltet til hytte– eller fritidsføremål. Sjå elles vilkåra i reguleringsføresegner og bestemmelse om byggjefrist.
Søknad om kjøp av ledig tomt
Søknader om kjøp av ledige tomter, vert handsama i den rekkjefølgje dei vert mottekne.