Dersom du har flytta etter denne datoen, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du har flytta frå. Du kan då velja om du vil røysta på valdagen i den kommunen du flytta frå, eller om du vil førehandsrøysta. Førehandsrøysta kan du avgje ved eit røystelokalet der du sjølv vil. 

Dersom du er busatt i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Norge tidlegare, skal du førast inn i manntalet i den norske kommunen du sist var registrert som busatt i.

Tilsette i diplomatiet eller konsulatvesenet og deira husstandsmedlemmar, som aldri har vore busett i Norge, blir ført inn i manntalet i Oslo Kommune.

Du kan sjekka om du er innført i manntalet ved å besøkja rådhuset i Tysnes kommune i perioden frå 12.juni-8.september.

Er du ikkje ført inn i manntalet? Ta kontakt med oss på e-post: post@tysnes.kommune.no