Oppfølging og tilbod

Helsestasjonen følgjer opp barnet og familien etter fastsett program frå helsedirektoratet.

Når eit barn blir fødd blir send fødselsmelding til helsestasjonen. Jordmor eller helsesjukepleiar vil ta kontakt for å avtala heimebesøk.

Barnet blir vidare kalla inn til faste konsultasjonar på helsestasjonen.

Ved helsestasjonen kan føresette få rettleiing og støtte i spørsmål som knyter seg til helsa og trivselen til barnet. Det blir gitt tilbod om rettleiing både individuelt og i grupper.

Helsestasjon for ungdom

Me har eit eige tilbod for ungdom, 13 - 23 år. (lenkje!!)

Helsestasjonen er gratis

Helsestasjonen er eit gratis tilbod for gravide, foreldre, born og unge.

Opningstid

Opningstiden på helsestasjonen følger rådhuset:
måndag - fredag 08.00 - 15.00

Du finn oss i rådhuset i Uggdal.

Tenester

  • «Tidleg inn»
  • Heimebesøk til nyfødde
  • Amme-rettleiing
  • Regelmessige helseundersøkingar jf. nasjonalt helsestasjonsprogram
  • Vaksinasjon av barnet jf. nasjonalt vaksinasjonsprogram
  • Barselgrupper
  • Råd og rettleiing kring barnet si vekst, utvikling og trivnad. Døme: søvn, mat, samspel og åtferd hjå barnet
  • Tilvising til andre kommunale tenester ved behov

*Tidleg Inn er eit tilbod til alle gravide og foreldre med barn frå 0 – 5 år, og er ein del av satsinga vår kring førebyggjande arbeid. Jordmor og helsesjukepleiarar på helsestasjonen vår inviterer til samtale om viktige tema for deg og barnet ditt. Med programmet «Tidleg Inn» ynskjer me å førebyggje og gje hjelp til å handtere psykisk helse, rus og vald i nære relasjonar. Tilbodet er frivillig.