Tilbod om jordmor på Stord i perioden 11.11.24 - 09.12.24

Medan me venter på ny jordmor i Tysnes kommune, kan du nytte deg av jordmor på Stord. 

Tysnes kommune sin avtale med Stord kommune gjeld i perioden 11.11.24 - 09.12.24.

Dei faste svangerskapskontrollane blir fortsatt utført hos fastlege/Tysnes legekontor. Avtalen med Stord gjeld oppfølging/samtale knytta til den psykososiale delen av å vere gravid/å bli foreldre. 

Jordmor vurderer i møta med den gravide, kva som er fagleg forsvarleg til ei kvar tid, etter gjeldande tilråding frå helsedirektoratet (retningslinjer for svangerskapsomsorg). 

Jordmor kommuniserer med fastlege gjennom elektroniske meldingar, og kan henvise vidare ved behov. Jordmor dokumenterer i journal, i tillegg må den gravide ha med helsekort for gravide. 

I avtaleperioden kan gravide på Tysnes kontakte jordmor i Stord kommune direkte for timeavtale.

Oppmøte er på jordmor sitt kontor på Stord. Ta med helsekort for gravide.

Kontaktinformasjon: 53 49 69 85, Hege Fadnes
 

Oppmøte: Stord helsepark, Borggata 7-9, 5417 Stord.

Nytilsett jordmor i Tysnes kommune, har oppstart 9.desember. 

Svangerskapsoppfølging

Tysnes kommune ynskjer velkommen til svangerskapsomsorg. Gravide kan velja om dei vil gå til jordmor, fastlege eller ei kombinasjon av desse. 

Tysnes kommune er for tida utan jordmor, og vil difor tilby alle rutinekontrollar på legekontoret. Etter kvart som me får tilsett jordmor vil me fordele kontrollane mellom lege og jordmor. 

Friske gravide treng ikkje har kontrollar på sjukehus, utanom ultralydundersøkingane. Du vert henvist til ultralyd, lege og til spesialisthelsetenesta ved behov. 

Den fyrste konsultasjonen for deg som er gravid er i veke 6 – 12. Du bør difor ta kontakt med legekontoret tideleg i svangerskapet. 

Gratis tilbod

Oppfølging av svangerskap er gratis, og skal syte for at du får råd og rettleiing, slik at både du og barnet har det best mogleg. 

Materiellkostnader eller legehjelp som ikkje har med svangerskap å gjere, må du betale som normalt. 

Me ønskjer at du er budd på svangerskapet, fødsel, amming og barseltid. Dersom du ønsker meir oppfølging kan me tilvisa til Maria-gruppa (fødselsangstsamtalar på sjukehuset) eller setta deg i kontakt med psykisk helse i kommunen. Du kan også ta kontakt direkte med psykisk helse i kommunen dersom du ønsker det.

Sjå meir informasjon om dei ulike kontrollane gjennom svangerskapet på helsenorg.no

Ultralyd og fosterdiagnostikk

Fosterdiagnostikk er eit gratis og frivillig tilbod til alle gravid frå 2022.

For innbygjarar i Tysnes kommune vert rutineultralyd og fosterdignostikk utført på Stord sjukehus, etter henvisning frå jordmor/lege.

Jordmor

Jordmor er sjukepleiar med vidareutdanning som som jordmor, og har særleg kompetanse på svangerskap, fødsel og barseltid. 

Jordmortenesta har som mål å fremje helse og gje individuell støtte til den gravide, slik at den nye familien får ein god start.

Prevensjon og kvinnehelse

Jordmor har kunnskap om kvinnehelse i eit livsløpsperspektiv og kan bidra med prevensjonsrettleiing og familieplanlegging. Jordmor har forskrivingsrett på prevensjon til alle friske kvinner. Ein treng ikkje vere gravid for å ta kontakt.

Opningstid

Opningstid: måndag - fredag 08.00 - 15.00