Samlivskurs
Er du nybakt forelder, kan du få gratis samlivskurs gjennom kommunen. Kurset gir tips, støtte og inspirasjon i ei tid med store endringar for parforholdet.
Tenesteomtale
Par som er foreldre for første gong og som har lyst til å gå på samlivskurs, kan ta kontakt med helsestasjonen. Kurset Godt samliv skal gi støtte og inspirasjon til nybakte foreldre i ein periode med store forandringar i kvardagen og i parforholdet. Kurset går over ein dag eller to kveldar.
- Del erfaringar med andre i same situasjon
- Lær kommunikasjonsteknikkar og metodar for konflikthandtering
- Få inspirasjon og tips til eit godt samliv
Pris for tenesta
Samlivskurset er gratis.
Samarbeidspartnarar
Barne-, ungdoms- og familieetaten
Tenesta oppdatert: 11.05.2020 09:32