- For å nytte eDialog må du logge inn med til dømes bankID
- Data blir overført sikkert og kryptert
- Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
- Dokument vert sendt elektronisk og kjem direkte inn i vårt system
- Me sparar tid på postgang og postregistrering
Du kan nytte eDialog om du
- skal sende post med konfidensielle opplysningar
- skal sende dokument til ei eksisterande sak
- skal sende andre dokument til sakshandsaming eller journalføring
Dersom du har ein generelle førespurnader, skal du ikkje nytte eDialog. Då kan du sende ein e-post til post@tysnes.kommune.no
Korleis fylle ut skjema
- Gje god omtale av kva sendinga gjeld i tittel. Har du saksnummer frå kommunen, skriv dette inn saman med tittel på innsendinga
- Din kommentar blir lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga
- Vurder om sendinga inneheld personsensitive opplysningar
- Last opp naudsynte vedlegg
- Du vil få ei kvittering i nettlesar og sendt til e-postadressa di med referansenummer for sendinga
Du kan svare kommunen via eDialog
Når Tysnes kommune sender eit digitalt brev til deg vil du i få med ei lenkje til eDialog-skjema "Svar på denne forsendelsen".
Der du kan fylle ut, laste opp vedlegg og sende tilbake. Svaret blir sendt direkte inn i sak-/arkivsystemet på rett sak.