Val til kommunestyret og fylkestinget
Kommunestyret og fylkestinget held val kvart fjerde år. Siste kommuneval var i 2023. Neste kommuneval blir i 2027.
Ved å stemme er du med på å påverke kvardagen din og lokalsamfunnet ditt.
Tenesteomtale
Kven som kan stemme
- Norske statsborgarar som er, eller har vore, registrert busett i Noreg.
- Statsborgarar i andre nordiske land som har vore registrerte busette i Noreg seinast 30. juni i valåret.
- Andre utanlandske statsborgarar som har vore registrerte busette i Noreg samanhengande dei tre siste åra før valdagen.
Korleis å stemme
Du vil få tilsendt eit valkort. På valkortet finn du informasjon om opningstider og kva vallokale du skal bruke på valdagen. Du treng ikkje valkortet for å stemme, men det går raskare for deg å stemme dersom du har det med. Hugs legitimasjon!
Gyldig legitimasjon
Du må legitimere deg når du skal stemme. Gyldig legitimasjon kan vere:
- Pass - utgått pass blir òg akseptert
- Førarkort - inkludert digitalt førarkort i app
- Bankkort med bilete
- Nasjonalt ID-KORT
Når du skal stemme:
- Ta den stemmesetelen du vil bruke.
- Gjer eventuelle endringar på stemmesetelen (sjå rettleiing på valg.no)
- Brett saman stemmesetelen med partinamnet inn og feltet for stempling ut! Då kan ingen sjå kva du stemmer. Du skal ikkje bruke konvolutt eller anna omslag fordi stemmesetelen skal stemplast.
- Gå til ein valfunksjonær og få eit stempel på utsida av stemmesetelen.
- Stemmesetelen må ha stempel for å bli godkjend. Dersom du gir stemme til fleire val (eks ved lokal- og fylkestingsval)- hugs at alle stemmesetlane må stemplast!
- Legg sjølv den stempla stemmesetelen i urna.
Kvar du kan stemme
I vallokala
Finn vallokala på nettsidene til kommunen.
Heimanfrå
Viss du på grunn av sjukdom eller anna ikkje kan stemme i eit av vallokala, kan du søkje om å stemme heimanfrå. Ta kontakt med oss i administrasjonen så hjelper vi deg vidare.
På institusjon
Er du bebuar, tilsett eller pårørande kan du delta i førehandsstemminga på institusjon. Ta kontakt med resepsjonen på institusjonen for å vite nøyaktig tidspunkt.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Tenesta oppdatert: 22.05.2024 16:19