Tysnes brann og redning utfører to hovudoppgåver; me skal på kort varsel rykkja ut for å redde liv, helse, miljø og materielle verdiar, i tillegg har me brannførebyggjande arbeid.
Me er organiserte som eit deltidsbrannvesen. Brannvesenet blir leidd av brannsjef, som også er leiar for førebyggjande arbeid og feiing.
Brannstyrken består av deltidmannskaper, det vil seia at alle har ein annan hovudarbeidsgivar. Brannstyrken er på 18 mann.