Bustadtilsyn

Ved bustadtilsyn får du ein sms tre til fem dagar i forkant av tilsynet.

Du må vera heime når me kjem på tilsyn, slik at du kan visa oss rundt i bustaden. Kan du ikkje vera til stades sjølv, bør du avtala med nokon som kan sleppa oss inn. Personen må kjenna bustaden godt.

Dette sjekkar me:

  •     røykvarslarar, sløkkjeutstyr og rømmingsvegar
  •     om eldstad og skorstein har synlege feil eller manglar    
  •     om det er behov for feiing og om feiaren har tilgang til skorsteinen

I tillegg rettleier me deg i spørsmål om fyring, fyringsøkonomi og branntryggleik i heimen.

Finn fram dokumentasjon på eldstad/fyringsanlegg. Fekk du avvik sist me var på feiing og tilsyn, ber me deg dokumentera at manglane er utbetra.

Etter besøket får du ein tilsynsrapport.

Tilsynspersonellet er uniformert og skal alltid kunna framvisa legitimasjon.

Logg inn for informasjon om tilsyn og dialog på Min Eigendom

Etter gjennomført feiiing og tilsyn

Blir det avdekket avvik på fyringsanlegget eller brannsikkerheten vil du motta en rapport fra feieren. Du får en frist på 30 dager til å gi skriftlig tilbakemelding om at avviket er utbedret.