Tilskot til utgreiing og prosjektering
Har du eller andre i husstanden nedsett funksjonsevne og treng å gjere tilpassingar i bustaden, kan du søkje om tilskot til profesjonell prosjekteringshjelp utført for eksempel av arkitekt.
Tenesteomtale
- Høve og avgrensingar i noverande bustad
- Uteområde og tilkomst
- Tilgjenge inne
- Arealbehov
- Innreiing og bruksdugleik
- Om brukar har økonomi til å finansiere tilpassinga sjølv, eller om det er behov for lån og/eller tilskot frå kommunen
Målgruppe
- Personar med funksjonsnedsetjing.
- Eldre som ønskjer å utføre førebyggjande tilpassingstiltak.
Kriterium/vilkår
Pris for tenesta
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Lover
Sjå spesielt § 15 i bustøttelova.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Tilskot til utgreiing og prosjektering blir søkt i den kommunen du bur i. Kommunen kan hjelpe deg å fylle ut søknaden.
Vedlegg
Saksbehandling
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Saksbehandlingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Grunngje dette eventuelt med nye opplysningar. Klagenemnda i kommunen er klageinstans.
Tenesta oppdatert: 11.05.2020 15:41