Skjenkjeløyve
Driv du ein serveringsstad og ønskjer å servere alkohol, må du søkje kommunen om skjenkjeløyve.
Tenesteomtale
Kriterium/vilkår
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
- Vaktselskap/kontrollørar
- Lensmann/politi (skal uttale seg om vandelen til søkjaren og sentrale personar)
- Mattilsynet (kontrollerer hygienen i lokala, spesielt kjøkken- og toalettforhold)
- Skatte- og avgiftsmyndigheitene (skal kontrollere / uttale seg om at løyvehavaren held seg til skatte-, avgifts- og rekneskapslovgivinga)
Lover
Forvaltningsloven
Alkoholforskriften
Alkoholloven
Serveringsloven
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Du må søkje på skjema frå kommunen. Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing.
Vedlegg
- Planteikningar over areal og funksjonar i lokalet
- Dokumentasjon på bestått kunnskapsprøve om alkohollova
- Dokumentasjon på bestått etablerarprøve
- Dokumentasjon på styraren/avløysaren si tilknyting til verksemda
- Firmaattest frå Brønnøysundregistra
- Eventuell skatteattest
Saksbehandling
Når søknaden er teken imot, blir det innhenta fråsegner frå politiet, sosialtenesta og skatte- og avgiftsmyndigheitene. Løyve blir tildelt etter skjønn. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngiving dersom ein kan tenkje seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen innan klagefristen for vedtaket går ut. Kopi av vedtaket blir sendt mellom anna til politiet.
Saksbehandlingstid
Behandlingstida i kommunen er utrekna til om lag tre månader.
Høve til å klage
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.
Tenesta oppdatert: 05.04.2021 15:18