Skjema
Tjenester
- Avlasting
- Brukarstyrt personleg assistanse
- Helse- og omsorgstenestetilbod til flyktningar, asylsøkjarar og familiesameinte
- Høyrselskontakt
- Sjukeheim - avlastingsopphald
- Sjukeheim - langtidsopphald
Treng du opptrening etter sjukdom eller nærare utgreiing, kan du søkje om korttidsopphald på sjukeheim.
Du kan søkje om korttidsopphald på sjukeheim dersom du til dømes treng opptrening etter sjukdom eller nærmare utgreiing. Ein skil mellom tre typar av korttidsopphald:
Kommunen kan krevje vederlag av bebuaren. Vederlaget er fastsett i ein statleg forskrift (sjå under Lover og retningsliner).
Dette er ei lovpålagd teneste, sjå helse- og omsorgstenestelova kapittel 3.
Forskrift for sykehjem
Forvaltningsloven
Helsepersonelloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Kvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenester
Verdighetsgarantiforskriften
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om korttidsopphald i sjukeheim, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du treng det. Dersom ein annan søkjer for deg, må vedkomande ha fullmakt.
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Vanlegvis får du ei grunngjeving saman med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Kommunen skal behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Du skal samstundes få opplyst om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Lèt kommunen vedtaket bli ståande, kan du klage vidare til Statsforvaltaren.
Du kan òg klage på sjølve utføringa av tenesta. Klagen sender du til kommunen eller direkte til tenesteytaren.
Tenesta oppdatert: 06.01.2021 18:28