Retten til tolk
Tenesteomtale
Du har rett til tolk når det er nødvendig for å motta ei teneste. Det er kommunen som vurderer om det er nødvendig med tolk. Dersom du treng å søkje for å få ei teneste, og du ikkje forstår søknaden eller forstår rettane dine og plikter, er det sannsynlegvis nødvendig med tolk. I vanleg og dagleg kommunikasjon mellom deg og kommunen, skulen eller barnehagen vil det sannsynlegvis ikkje reknast som nødvendig med tolk.
- alle som ikkje snakkar norsk
- dei som snakkar samisk
- døvblinde, døve og høyrselshemma.
Når du får tolkehjelp, skal det vere frå ein vaksen, kvalifisert tolk, som har teieplikt om saka di.
Målgruppe
Pris for tenesta
Tolketenesta er gratis. Kommunen kan krevje eit gebyr av deg, dersom du ikkje møter opp til ein avtale der du har fått melding om at det er bestilt tolk.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
- Helsedirektoratet, avdeling minoritetshelse og rehabilitering
- Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) – Tolkeportalen og Nasjonalt tolkeregister
Lover
- I tillegg til tolkelova og tolkeforskrifta, sjå pasient- og brukarrettslova §§ 3-1 og 3-2 om retten til å få informasjon om helsetilstanden din
- helse- og omsorgstenestelova § 3-10 om rettar for samisk språk
- forvaltingslova §§ 13 til 13e om teieplikt.
Tolkeloven
Tolkeforskriften
Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Høve til å klage
Tenesta oppdatert: 25.02.2022 10:11