Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for utlendingar
Som ny innvandrar skal du få opplæring i norsk språk og norsk samfunn slik at du og familien din kan få fotfeste i nytt land, kome inn på arbeidsmarknaden og få økonomisk sjølvstende.
Tenesteomtale
Opplæringa i norsk og samfunnskunnskap skal gjere deg i stand til å snakke norsk og forstå samfunnet. Opplæringa skal gi deg eit minimumsnivå i norsk.
Opplæringa i samfunnskunnskap blir gitt på eit språk du forstår.
Du vil også få ein opplæringsplan som skildrar måla for akkurat deg.
Når opplæringa er ferdig må du ta ein avsluttande prøve. Då vil du også få eit deltakarprov.
Målgruppe
Du er innvandrar med opphaldsløyve. Du er mellom 18 og 67 år.
Kriterium/vilkår
Du har både rett og plikt til å delta i opplæringa når du har opphaldsløyve i ein av desse kategoriane:
-
har opphaldsløyve som flyktning eller overføringsflyktning
-
har ein søknad om vern og dermed eit fornybart opphaldsløyve
-
har avgrensa opphaldsløyve grunna for eksempel ein familiesituasjon
-
har opphaldsløyve på grunn av vernebehov for ei heil gruppe
-
har opphaldsløyve fordi du er i familie med ein som har vore busett i mindre enn fem år
-
har fått fornybar opphaldsløyve på grunn av samlivsbrot og samlivet var prega av mishandling.
Du har plikt til å delta i opplæring når du:
-
har fått opphaldsløyve fordi du skal jobbe i Noreg
-
har fått opphaldsløyve fordi du skal drive næring i Noreg
-
har fått opphaldsløyve fordi du er familie med ein som jobbe eller drive næring i Noreg.
Det er mogeleg å søkje om fritak frå plikta til opplæring. Grunnar for å søkje om fritak kan vere at du allereie kan noko norsk eller kan noko om det norske samfunnet.
Pris for tenesta
Kommunen kan ta betaling for dei som er i Noreg som arbeidsinnvandrarar eller i familie med desse.
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Kommunen tek kontakt med deg og avtaler når opplæringa skal begynne.
Saksbehandling
Tilbod om opplæring i norsk og samfunnskunnskap skal du få så snart som mogeleg og seinast innan tre månader etter at du er registrert i kommunen.
Du vil få eit deltakarprov når opplæringa er ferdig. Blir opplæringa avbroten av ein eller annan grunn, vil du framleis få deltakarprovet.
Høve til å klage
Du kan klage på vedtak om
-
løyving av eller avslag på deltaking
-
vesentlege endringar i opplæringsplanen
-
at opplæringa blir stansa
-
godkjenning av permisjon
-
søknad om fritak.
Dette må skje innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misfornøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Opprettheld kommunen si avgjerd, blir saka send vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klaga skal takast til følgje.
Tenesta oppdatert: 24.03.2021 10:36