Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Omsorgslønn

Omsorgslønn er ei lønn frå kommunen til deg dersom du utfører omsorgsarbeid som kommunen elles ville gjort.

Tenesteomtale

Har du eit særleg tyngjande omsorgsarbeid, kan du søkje om omsorgslønn. Omsorgslønn skal gi deg ein viss økonomisk kompensasjon for det omsorgsarbeidet du utfører. Kommunen avgjer om du får omsorgslønn, og kva nivå lønna skal liggje på.

Kriterium/vilkår

Du må ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid. Mellom dei momenta som kan takast med i vurderinga, er

  • om du arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid
  • om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg
  • om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesvevnen
  • om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Det vil seie at kommunen har plikt til å løyve pengar til omsorgslønn på budsjettet. På den andre sida vil ikkje den enkelte omsorgsytaren ha nokon automatisk rett til å få omsorgslønn. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-6 Omsorgslønn

Forvaltningsloven
Helse- og omsorgstjenesteloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om omsorgslønn. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande sjølv kan søkje om omsorgslønn.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Normalt får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein tenkjer seg at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om årsaka til det. Samstundes skal du få opplyst om når ein tenkjer seg at det vil bli gjort eit vedtak.

Høve til å klage

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan klage på avgjerda. Du kan klage innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Blir avgjerda ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tenesta oppdatert: 22.03.2021 12:48