Opningstider NAV Tysnes
Me ønskjer at alle som kjem til NAV kontoret skal ha avtale. Målet med førehandsavtalte møter er å gje best mogelig hjelp.
NAV Tysnes føl rådhuset sine opningstider, og kan alltid kontaktas via resepsjonen i rådhuset for saker som hastar.
NAV Tysnes har opent for drop-in på følgande tidspunkt:
Måndag: 09:30 - 11:30
Torsnsdag: 09:30 - 11:30
Dersom du trenger hjelp frå NAV sosial
www.nav.no/sosialhjelp - her finn du all relevant informasjon om kva du kan ha rett på og korleis du søkjer.
Ved å logge på nav.no kan du:
- Skrive beskjed til oss på NAV Tysnes via «skriv til oss – sosial»
- Levere digital søknad om økonomisk sosialhjelp
Du kan ringje NAV Kontaktsenter 55 55 33 33 (tastevalg 1)
NAV Kontaktsenter kan:
- kan veilede deg i kva rettar du har
- kan hjelpe deg med å få kontakt med din sakshansammar på NAV Tysnes
- kan henvende dag til andre aktuelle hjelpetenester
Dersom du ikkje kan søkje digitalt
- kan du skrive ut søknadsskjema for økonomisk sosialhjelp frå heimesida vår, eller
- hente skjema i konvolutt som ligger i postkasse utanfor hovudinngongen til rådhuset
Skal du levere skjema/faktura eller anna, kan du legge det i postkasse utanfor hovudinngangen. Denne vert tømt dagleg.