Kven kan få bustøtte
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.
Søk bostøtte
Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Viss du får innvilget bustøtte, vert søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, vert søknaden din overført til neste månad automatisk.
Meld frå om endringer
Du har plikt til å melde frå dersom det er endringa i nokon av opplysningane du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysninger i vedtaket du får.
Klage på vedtak om bustøtte
Dersom du mener noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du mottok vedtaket.
Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no
Du kan og vende deg til kommunen for å få hjelp og rettleiing.