Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Matrikkel - retting

Du kan krevje å få retta, endra eller føyd til opplysningar i matrikkelen (Noregs offisielle register over fast eigedom).

Tenesteomtale

Du kan krevje å få retta, endra eller føyd til opplysningar i matrikkelen (det offisielle eigedomsregisteret). Dette er aktuelt dersom opplysningane er feil eller ufullstendige eller grunnlaget for registreringa er falle bort. Dersom feilen stammar frå andre register, som til dømes grunnboka eller folkeregisteret, skal kravet sendast vidare dit. Opplysningar om grenser som er fastsette i oppmålingsforretning (eller tilsvarande), kan berre rettast med grunnlag i ny oppmålingsforretning.

Målgruppe

Grunneigarar og festarar

Kriterium/vilkår

Du må dokumentere grunnlaget for kravet ditt om retting av opplysningar i matrikkelen. Dersom rettinga òg gjeld nabo, rettshavar eller andre partar, må du leggje ved dokumentasjon for at dei samtykker i kravet om retting.

Pris for tenesta

Kommunen kan ikkje krevje gebyr for retting.

Lover

Se 
Matrikkellova § 26 Retting av opplysningar i matrikkelen og sletting av matrikkeleining
Matrikkelforskriften § 10 Retting, endring eller tilføying av opplysninger i matrikkelen mv.

Matrikkelforskriften
Matrikkellova
Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du set fram kravet om retting til kommunen. Dersom rettinga gjeld opplysningar som òg gjeld ein annan instans, vil kommunen sende kravet vidare for å bli avgjort der, eventuelt til uttale.

Vedlegg

Gjeld kravet retting av grense, skal du leggje ved kart og annan dokumentasjon som underbyggjer kravet.

Saksbehandling

Kommunen vil vurdere om det ligg føre ein feil og om du har tilstrekkeleg dokumentasjon for kravet ditt. Kravet til dokumentasjon vil avhenge av kva slags opplysningar det dreiar seg om, og korleis opplysningane er henta inn opphavleg. I mange tilfelle vil retting i matrikkelen vere ei rein administrativ oppgåve utan at det blir gjort noko vedtak. Dersom endringa har noko å seie for andre partar, skal dei bli underretta.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan bli avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det.

Høve til å klage

Dersom du får avslag på kravet om retting, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot avslaget. Forklar kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Står kommunen fast på avgjerda si, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tenesta oppdatert: 09.03.2021 14:43