Det har budd folk på Tysnes i omlag 10 000 år, sidan isen frå siste istid trekte seg tilbake.
Om dei første veit me lite, men etter kvart tok menneska til å setje spor etter seg. Dei etablerte busetjingar, samfunnsorden og religion, tok til å gravleggja folk i røyser og sette opp bautasteinar og endra landskapet rundt seg for å gjere livet enklare.
Frå steinalderen og frametter vert spora meir synlege. Kulturlandskap, vegar, bygningar, næringar av ymse slag og til slutt og skriftlege kjelder.
Det er dette me kallar kulturminne. Kulturminne finst overalt rundt oss og dei er grunnlaget for det me er.
Kulturarven er ein gåve frå dei som har levd før oss, og ei viktig kjelde til kunnskap og innsikt, og det er opp til oss å sjå til at denne gåven vert ført vidare til nye generasjoner. Me skal også ta vare på viktige kulturminne frå vår eiga tid, slik at kulturarven vert oppdatert og vidareført.
Kulturminneplan
Tysnes kommune sin kulturminneplan skal gje kunnskap om det me har av viktige kulturminne frå gamalt, og peike på kva som kan verte interessant i framtida.
Målet er at planen skal legge premissane for kommunen sitt arbeid med kulturminne vidare, men og at den kan vere til nytte for alle dei som har interesse for historie. For lag og organisasjonar i kulturfeltet, for dei som er eigarar av verneverdige eigedomar eller gjenstandar, og for dei som ser at kulturminnearbeidet kan vevast inn i næringsverksemd – enten det er reiseliv eller lokal produksjon av mat eller handverk.