Freda bygningar og anlegg - tilskot
Dersom Riksantikvaren har freda ein bygning som du eig, kan du få tilskot til å dekkje nokre av kostnadene for vedlikehald.
Tenesteomtale
Du kan søkje om tilskott dersom det oppstår meirkostnader i samband med vedlikehald av freda bygning på grunn av krav til materialtype og framgangsmåte i fredingsvedtaket.
Riksantikvaren kan frede bygningar og anlegg frå nyare tid som har kulturhistorisk eller arkitektonisk verdi. Dette tyder at ein ikkje kan gjere inngrep eller endringar i bygningen eller anlegget. Normalt vedlikehald som å måle bygningen, kan du gjere, men du kan ikkje gjere endringar som å rive, flytte, byggje på eller endre materialar eller fargar.
Målgruppe
Private eigarar og forvaltarar av freda bygningar og anlegg. Eigarar og forvaltarar kan vere privatpersonar, stiftingar, frivillige organisasjonar og liknande.
Kriterium/vilkår
Det vil bli gjort ein fagleg vurdering av den kulturhistoriske verdien og kva tiltaket vil ha å seie i samband med målet med tilskottsordninga. Er du eigar og får dispensasjon frå vedtak om freding som samtidig set vilkår som gjer arbeidet dyrare, skal du ha heilt eller delvis vederlag for denne utgiftsauken. Elles blir dette prioritert:
-
tiltak som stansar og hindrar vidare forfall
-
mellombels sikring av freda bygg og anlegg som er i forfall
-
tiltak som sikrar bygg og anlegg som det er få av
Sjå Norsk kulturminnefond for kriterium/vilkår for søknader som skal sendast dit.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Samarbeidspartnarar
Riksantikvaren, fylkeskommunen og Norsk kulturminnefond
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Ta kontakt med fylkeskommunen/Riksantikvaren dersom du ønskjer meir informasjon om ordninga eller om kor du skal sende søknaden.
Vedlegg
Forklaring av tiltaket med teikningar og eventuelle fotografi.
Saksbehandling
På grunnlag av søknadene frå fylkeskommunane fordeler Riksantikvaren tilskottsmiddel som blir sende til fylkeskommunane for vidare fordeling. Det er fylkeskommunan som gjer vedtak om tilskott. Du får skriftleg melding om vedtaket. Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak når det gjeld søknader som blir sende dit.
Saksbehandlingstid
Fylkeskommunen og Riksantikvaren skal behandle saka så snart som mogleg. Styret i Norsk kulturminnefond gjer vedtak om tildeling ca. to månader etter søknadsfristen.
Høve til å klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje dette. Riksantikvaren er klageinstans for saker som er behandla i fylkeskommunen. Før klagen går dit, skal den instansen i fylkeskommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli send til Riksantikvaren for klagebehandling. Klage på vedtak i Norsk kulturminnefond skal sendast til Kulturminnefondet.
Tenesta oppdatert: 11.08.2020 11:42
Tjenester
Dokumenter
Lenker