Lag og organisasjonar som driv kulturvern og kulturformidling kan søkje om kulturmidlar.

1. Tilskot til lag som har aktivitetar retta mot barn, ungdom og/eller unge vaksne vil bli prioritert. Tiltak for eldre, personar med spesielle behov og aktivitetar for integrering av personar med anna kulturell bakgrunn vil også kunne gje grunnlag for auka tilskot.

2. Alle som søkjer må ha organisasjonsnummer.

3. Lag og organisasjonar som får eit fast årleg tilskot kan ikkje søkja.

4. Lag som tek imot stønad frå kommunen må godta bruk av følgjekort på sine opne arrangement. Det tyder at funksjonshemma som må ha følgje, skal betala vanlege inngangspengar for seg sjølve, men har rett til ein person som fritt følgje.

5. Organisasjonar som primært tek seg av medlemer sine yrkes- eller økonomiske interesser, religiøse organisasjonar som i all hovudsak driv forkynning, politiske organisasjonar og organisasjonar som har som oppgåve å samla inn pengar til ymse tiltak og andre organisasjonar, kan ikkje få tilskot. Religiøse samfunn som får statsstøtte blir ikkje rekna som friviljuge organisasjonar.

6. Årsmelding, rekneskap og budsjett skal leggast ved søknad. 

Ved tildeling av tilskot gjeld også standardvilkår for tilskot, disse finn dykk her: Standardvilkår for tilskot til kultur.pdf

Søknadsfrist 31.03.2025. 

Søknadsskjema: