Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har fem medlemer og minst eitt av desse må vera medlem av kommunestyret. Medlemene og varamedlemene kan ikkje vera representerte i andre politiske utval.
Utvalet er heimla i kommunelova, kapittel 23, og i forskrift om kontrollutval og revisjon, kapittel 1. Det har normalt fem ordinære møter i året. Møta er opne for publikum og sakspapir / protokoll for kontrollutvalet finn du i menyen i venstre side.
Oppgåver
Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltinga på kommunestyret sine vegner.
Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverka til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter.
Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet, kan ikkje leggjast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.
Kontrollutbalet rapporterer resultatet av sitt arbeid til kommunestyret.
Kontrollutvalsboka er ein rettleiar som skal vera med på å skapa større forståing av kontrollutvalget sin rolle og oppgåver, og å bidra til et godt samspel mellom dei ulike aktørane. Kontrollutvalsboka finn du her.
Vald revisor
Tysnes kommune har inngått avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.
Sekretariatet for kontrollutvalet
Tysnes kommune kjøper sekreteriatstenester for kontrollutvalet hos Sekreteriat for kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune.
Sekreteriatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møte. Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekreteriatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekreteriatet pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg. Henvending til sekreteriatet for kontrollutvalet i Tysnes kan sendast på e-post til sekreteriatet. E-post adresser finn du her.
Kontrollutvalet har normalt 5 - 6 ordinære møter i året.
Innkallingar og møteprotokoll finn du i menyen til venstre.
Møta i kontrollutvalet er opne møter. Sakspapir og møteprotokollar for kontrollutvalet finn du under politiske saker i menyen på venstre side.
Viktige lenkjer:
Førespurnader til kontrollutvalet
Som innbyggar i kommunen kan du vende deg til kontrollutvalet dersom du har generelle innspel eller tips om meir konkrete og moglege kritikkverdige forhold som tema og områder for kontroll eller revisjon.
Det vert likevel gjort merksam på at det i hovudsak er utanfor kontrollutvalet sitt mandat og reglement å behandle henvendingar som m.a. gjeld enkeltsaker, klagesaker, saker som er til behandling i rettsapparatet, usemje i politiske vedtak eller varsel etter Arbeidsmiljølova kap. 2a.
Vi gjer også merksam på at kontrollutvalet berre har plikt til å behandle dei saker som kommunestyret ber dei om, eller der det går fram av kommunelova kapittel 23 og 24. Når det gjeld henvendingar frå andre enn kommunestyret, må kontrollutvalet sjølve vurdere om dei vil prioritere å sjå nærare på det henvendinga tek opp.
Vi gjer også merksam på at kontrollutvalet ikkje er eit forvaltningsorgan som fattar enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Personar som vender seg til kontrollutvalet er ikkje å rekne som part i ei eventuell påfølgjande kontrollsak. Det vil derfor ikkje vere klagerett på vedtak gjort av kontrollutvalet, eller andre partsrettar etter forvaltningslova § 28 knytt til vedtak gjort av utvalet.
Førespurnader kan sendast til sekretariatet for kontrollutvalet.
Kontrollutvalet for perioden 2023 - 2026
Medlem | E-postadresse | Telefon | |
---|---|---|---|
1 | Leiar, Ann Kirsti Alfstad (H) | akalfstad@gmail.com | 90 50 71 13 |
2 | Nestleiar, Lars Heine Kåsa (Sp) | ||
3 | Asbjørn Myklestad | asmy@haugenett.no | 95 88 43 83 |
3 | Tor Magnus Hauge | tormagnushauge@gmail.com | 90 07 11 91 |
4 | Lorentz Lunde (Krf) | lorentz.lunde@haugenett.no | |
Vara | Varamedlem | ||
1. vara for 1 | Bjørn Lande (H) | ||
2. vara for 1 | Egil Bjarne Berge (H) | ||
1. vara for 2 | Helge Hauge (Sp) | ||
2. vara for 2 | Kristin Teigland Gjerstad Kleppe (Sp) | ||
1. vara for 3 | Rolf Simonsen (Ap) | ||
1. vara for 4 | Terje Dalsgård (Inp) | ||
1. vara for 5 | Arild Frøyseth (Frp) |