Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Jegerprøven

Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøva.

Tenesteomtale

Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøven. Prøven består av eit obligatorisk kurs og ein elektronisk eksamen. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter gjennomførd kurs kan du avleggje eksamen direkte i appen Jegerprøveeksamen.

Målgruppe

Personar som i kalenderåret fyller 14 år (gjelder småvilt) eller 16 år som ønskjer å drive jakt eller fangst.

Kriterium/vilkår

Jegerprøven kan takast av alle som i kalenderåret er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan skje frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje å ha teke jegerprøven.) Opplæringsjakt på storvilt kan skje frå fylte 16 år til fylte 18 år. (Her blir det kravd at ein har klart jegerprøven, og at ein har teke skyteprøven for dei artane som det blir kravd for.)

Pris for tenesta

Når du skal gå opp til eksamen, må du betale eit eksamensgebyr.

Samarbeidspartnarar

Studieorganisasjonar, vanlegvis lokallaga til Norges Jeger- og Fiskerforbund.

Lover

Kommunen har fullmakt til å gjennomføre jegerprøveeksamen. Sjå spesielt 
Forskrift om utøving av jakt, felling og fangst § 10.

Forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Dette treng du for å få teke Jegerprøven:
 
  1. Meld deg på kurs
  2. Last ned appen Jegerprøveeksamen
  3. Registrer deg for eksamen i appen
  4. Følg med på kurssamlingane gjennom appen
  5. Betal eksamensavgift
  6. Ta eksamen.
Etter bestått eksamen kan du betale og hente jegeravgiftskortet. 

Høve til å klage

Du kan ikkje klage på ein eksamen du ikkje har klart. Du kan gå opp til ny eksamen, og betale eksamensavgift for kvart forsøk.

Tenesta oppdatert: 27.01.2023 15:42