Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Heimekompostering av matavfall

Ønskjer du å heimekompostere matavfall, inngår du ei eiga avtale med kommunen.

Tenesteomtale

Matavfall er ein verdifull ressurs som saman med hageavfall kan omdannast til næringsrik kompost. Skal du heimekompostere matavfall, inngår du ein eigen avtale med kommunen. Du må bruke ein isolert og lukka komposteringsbinge som sikrar at smittestoff frå avfallet brytast ned, at ikkje rotter og fuglar kjem til og at fluger ikkje kan formere seg i komposten. Det blir tilrådd å bruke svanemerka varmkomposteringsbinge. Bur du i eit låghus, vil du som oftast trygt og enkelt kunne kompostere ditt eige kjøkenavfall. For burettslag og sameige kan det gjelde eigne reglar.

Om lag 30 % av hushaldsavfallet er matavfall frå kjøkenet. Med heimekompostering av matavfall kan du redusere avfallsmengdene med 50–150 kg pr. person årleg.

Samarbeidspartnarar

Det lokale avfallsselskapet, Grønn kvardag og det lokale hagelaget

Tenesta oppdatert: 06.03.2024 10:30