Gravferd
Å sørgje for ei gravferd inneber som regel å ta kontakt med eit gravferdsbyrå som tek seg av alt det praktiske.
Dersom ingen sørgjer for gravferda, skal den kommunen der avdøde budde, sørgje for henne.
Du kan få støtte til å sørgje for ei gravferd.
Tenesteomtale
Den som har fylt 18 år, kan i ei skriftleg erklæring fastsetje kven som skal ha rett til å stå for gravferda. Elles vil det vere dei nærmaste etterlatne til den avdøde som har ansvaret for dette. Dersom det er usemje om kven som skal sørgje for gravferda, tar kommunen avgjerda. Dersom ingen sørgjer for gravferda, skal den kommunen der avdøde budde, sørgje for henne.
Kriterium/vilkår
Gravlegging skal skje med respekt for den religionen eller det livssynet som den avdøde hadde. Kremasjon kan skje med mindre det er kjent at det var i strid med den avdøde sit ønske. Dersom den avdøde ikkje er kremert, skal gravlegging skje seinast ti verkedagar etter dødsfallet.
Pris for tenesta
Eit gravferdsbyrå skal utan å bli bede om det tilby prisliste til kundar som spør byrået om gravferdstenester. Ved tinging skal kundane utan å måtte be om det, få eit skriftleg pristilbod og få rimeleg tid til å setje seg inn i pristilbodet før det blir gjort avtale.
Folketrygda kan gi behovsprøvd gravferdsstønad med utgangspunkt i den siste tilgjengelege likninga/sjølvmeldinga. I dei fleste tilfella blir stønadssummen redusert med summen av finansformuen til den avdøde og det forsikringsbeløpet som blir utbetalt på grunn av dødsfallet.
Brosjyrar, dokument,
kart og liknande
Lover
Sjå gravplasslova kapittel 2. Sjå òg folketrygdlova kap. 7 og prisopplysningsforskrifta § 15
Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta
Det er høve til å sørgje for alt sjølv i samband med ei gravferd, men dei fleste vel å bruke eit gravferdsbyrå i større eller mindre utstrekning. Den som har ansvaret for gravferda, avgjer i så fall sjølv kva gravferdsbyrå han eller ho ønskjer å bruke.
Eit gravferdsbyrå kan mellom anna hjelpe til med å
- fastsetje tider for overføring, gravferd, kremasjon osv.
- kontakte prest/imam/talar, musikarar, songarar, gravlund o.a.
- skaffe kiste og utstyr, stelle den avdøde
- ordne transport av kista
- ordne papir til skifterett, politi, Nav, osb.
- annonsere dødsfallet
- trykkje songar, salmar og takkekort
- ordne blomar, dekorasjonar, kransar
- leggje til rette for og ta del under sørgjehøgtida
- sørgje for melding til og oppgjer med Nav
- ordne med minnesamvær
- ordne med urnenedsetjing
- ordne med inskripsjon på gravmonument, trekross/symbol og gravlykt
Nokre byrå formidlar òg tenester som reingjering av bustaden med rydding og bortkøyring.
Høve til å klage
Tenesta oppdatert: 28.06.2024 08:15