Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Akutt helsehjelp døgnopphald

Døgnopphald for akutthjelp er eit alternativ til sjukehus for pasientar som treng akutt, men kortvarig behandling.

Tenesteomtale

For pasientar med ein avklart diagnose som treng straks medisinsk behandling og observasjon gjennom heile døgnet, finst eit kommunalt tilbod som er eit alternativ til sjukehusinnlegging. 
 
Døme på situasjonar der akutthjelp døgnopphald blir brukt er
  • smertebehandling etter fall
  • infeksjonar (urinvegsinfeksjon, lungebetennelse)
  • væskebehandling
  • aukande pustevanskar
  • aukande forvirringstilstand
  • kvalme og oppkast
  • mage- og tarmproblem
  • moderate psykiske helseproblem
  • moderate rusmiddelproblem.
  • Innlegginga må gjerast av fastlegen, legevakta eller ein sjukehuslege.

Målgruppe

Pasientar frå 18 år og eldre med forventa korttidsbehandling av akutte tilstandar.

Kriterium/vilkår

Kommunen vel sjølv kva pasientgrupper dei tek imot, avhengig av kva slags behandling dei har høve til å gi.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover

Denne tenesta er lovpålagd. Sjå spesielt helse- og omsorgstenestelova § 3-5.

Forskrift om kommunenes plikt til å sørge for øyeblikkelig hjelp døgntilbud
Helse- og omsorgstjenesteloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

akutthjelp døgnopphald er ei innlegging som blir gjord av anten fastlege eller legevakta. Det er altså ikkje noko du kan møta opp på eller søkja om.
Etter innlegging vil du straks få behandling, observasjon og oppfølging. Ein lege vil vera til stades dagleg, og det vil vera legar i 24-timars beredskap. Bemanninga elles består av sjukepleiarar, fysioterapeutar og ergoterapeutar.

Høve til å klage

Viss du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misfornøgd med utføringa av tenesta, kan du senda ei klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misfornøgd med og kva endringar du ønskjer.
 
Du kan også klaga til statsforvaltaren i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller galen informasjon eller brot på teieplikta.
 
Skulla det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient senda ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882

Tenesta oppdatert: 03.07.2024 10:52