Kommunestyremøte 29. mai
Grendatun, Uggdal kl. 16.00-18.30

Foredraga er opne for alle som er oppteken av Tysnes kommune sine framtidsutsikter, og korleis korrupsjon kan arte seg i ein kommune.


Seniorrådgjevar Håvard Moe i KS konsulent
Ein kommune i endring – utfordringsbiletet for Tysnes på kort og mellomlang sikt. 

Tysnes er i ein situasjon kor befolkningssamansetninga endrar seg, tilgang på arbeidskraft vert redusert, kostnadane aukar og forventingane frå innbyggjarane og staten berre aukar og aukar.

Korleis vil dette utfordre berekrafta i kommuneøkonomien i Tysnes framover? Og korleis skal me organisera framtidas tenestetilbod i Tysnes kommune – og kommunesektoren – for å klare av dei store oppgåvene som ligg føre oss? 

Tre scenario for utviklinga av Kmmunesektoren – og Tysnes kommune – fram mot 2040.


Spesialrådgjevar Tor Dølvik i Transparency International 

Norge Korleis kan risikoen for utilbørleg påverknad og korrupsjon gjere seg gjeldande i norske kommunar. Kva veit vi om omfang? Kvar er risikoen størst? Korleis kan kommunen sjølv redusere denne risikoen?