Denne veka har me avslutta teinefiske. Kun krabber å få i teinene, men fortsatt temmeleg mange av dei. No tek me teinene på land og set dei i kjelleren på utleige huset på Solstråleøya.
På onsdag såg me ei ørn som sat og åt på eit skjær, då me kjørte inn for å sjå kva ho hadde på menyen fant me ein stor torsk som ho hadde åte på. Kan det være eit teikn på at torsken er på veg opp på grunnare vatn?
Me satte eit garn over sundet og dagen etter fekk med sesongens fyrste breiflabb, kjempekjekt!
Onsdag hogde me ned nokre trær. Rydding og ved produksjon vil nok komme på dagsplanen i vekene som kjem. Øya skal bli litt finare iløpet av denne vinteren og!
Hønene våre legg ikkje egg, litt trist. Det nytter heller ikkje å snakke hardt til dei. Men på skulen har me satt igong ein rugemaskin, så om tre veker har me gjerne ein ny flokk på gong.
God helg frå oss på havet!