Denne veka har vore kald! Det har vore is rundt båten i båthamna.
Me har fått vår 12 hummar, og det er fortsatt krabber i sjøen.
Me fekk ei stor skate i garnet som me hadde i aluminiumsfolie på bålet. Litt delte meiningar om det var godt..
Mykje av veden frå dei rotvelta granene er nå gjort om til bålpanne ved, dette blir me ferdige med i neste veke.
Plantekassa som me lagde på skulen er tatt med ut, og saman med dei to me har lagd på Solstråleøya, begynn no prosjekt grønsakshage å ta form.