Ordninga er finansiert gjennom spelemidlar, og skal bidra til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Søknadsfristen i Tysnes kommune er 31. mars
Du kan søkje om tilskot til
- kulturhus
- fleirbrukslokale
- spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg for museum eller andre kulturverntiltak
- scenekunstlokale
- konsertsal
- formidlingslokale for biletkunst
- etablering av livssynsnøytrale seremonirom
Midlane kan nyttast til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygning, men ikkje til vedlikehald eller drift.
Kven kan søkje?
Frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune kan søkje på ordninga. Andre lag, organisasjonar og selskap kan også søkje, avhengig av vedtektene til laget. Spelemidlar skal ikkje gjerast om til forteneste for private fortenestebaserte aktørar.
Krav til søknad
Sjå Vestland fylkeskommune sine sider for retningsliner og elektronisk søknadsskjema.
https://www.vestlandfylke.no/kultur/kunst--og-kulturutvikling/tilskot-til-kulturbygg/
Søknadsfrist
31. mars 2024
For nye søkjarar, må ein ta konakt med kommunen for å få lagt kulturbygget inn i anlegsregisteret: post@tysnes.kommune.no // 53 43 70 00