Mål og målgruppe

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha høve til meistring og samfunnsdeltaking. Tilskotsordninga skal bidra til utvikling av opne møteplassar, deltaking på ferie- og fritidsaktivitetar og fullføring av utdanningsløp. Målgruppa er barn og unge i alderen frå 0 til og med 24 år som av ulike grunner står i fare for å hamne i utanforskap.  

 

Kven kan søkja:

  • Offentlege instansar
  • Frivillige organisasjonar
  • Private aktørar

 

Frist for å søkja

1. november 2024

Slik søkjer du:

Sett deg inn i regelverket og informasjonen på ordningas nettside

 

Logg inn, fyll ut og send inn søknad i Bufdirs søknadsportal for tilskudd. Frivillige organisasjonar og private aktørar skal nytte søknadsskjema 2. Søknaden skal knytes til ein deltakande kommune (sjå tilskotsordningas nettside for unntak frå denne regelen). Det skal søkjast om tilskot til ulike aktivitetstypar (sjå ordningas nettside for meir informasjon om disse)

 

Etter at du har sendt søknaden

Slik handsamast søknadane:

Søknader som er sendt inn av andre aktørar enn kommunen sjølv skal rangerast av kommunen. Kommunen skal forankre rangeringa av søknadane på beslutta politisk eller administrativt nivå.

Etter at kommunen er ferdig med rangeringa set Bufdir i gong med den endelege sakshandsaminga av søknadane. Det vil vera informasjon på Bufdirs nettsider om venta sakshandsamingstid.

 

 

 

Kontaktperson i kommunen:

Camilla Tranøy Forth
NAV-leiar

camilla.tranoy.forth@nav.no 
Tlf: 976 92 224