Søknadsfrist

Søknadsfristen til hovudopptaket er 1. februar.

Me starter handsaming av søknader etter 1. febraur, og har mål om at alle får svar innan 1. april.

Du kan søkje barnehageplass når som helst gjennom året. Vi tilbyr då plass om det er ledig kapasitet i barnehagen du søkar.

Søkje eller endre om barnehageplass

Du søker barnehageplass elektronisk i foreldreportalen til Visma Flyt Barnehage.

Søk eller endre barnehageplass

For å søka må du logga på med elektronisk ID via ID-porten (MinID, BankID, BankID på mobil, Buypass, Commfides).

Barnehageloven om rett til plass i barnehage

Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter.

Barn som fyller ett år i september, oktober eller november det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innen utgangen av den måneden barnet fyller ett år i samsvar med denne loven med forskrifter.

Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt.

Kva skjer etter at du har søkt?

Samordna opptak blir gjort administrativt i samsvar med Vedtekter for kommunale barnehagar.

Dine ønsker og behov skal tilleggast stor vekt ved opptaket. Ved det årlege hovudopptaket skal du varslast skriftleg om du har fått tildelt plass og i kva barnehage du har fått tilbod om plass.

Me starter handsaming av søknader etter 1. febraur, og har mål om at alle får svar innan 1. april.

Har du ikkje fått det første ønsket ditt oppfylt, har du rett til å bli sett på venteliste.

Klage på vedtak om plass

Ved hovudopptak kan du klaga over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klaga viss du verken får ditt første eller andre ønske oppfylt.

Ved løpande opptak kan berre søkarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket.

Klaga sender du til den instansen som har fatta vedtaket. Meir informasjon om klageretten finn du i Forskrift om saksbehandlingsreglar ved opptak i barnehage

Her kan du senda inn klaga på vedtak


Viss kommunen finn at barnet ditt skulle vore tilbode den ønskte plassen, skal det tilbydast første ledige plass etter at barn med lovfesta rett til prioritet er tilboden plass. Viss du ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen, som er klageinstans.