Resultata frå Ungdata-undersøkinga 2024 er klare. Under kan du lese eit samandrag av resultata, og lære meir om korleis barn og unge i Tysnes kommune sjølv seier at dei har det.
Lenkjer til heile rapporten finn du nedst i artikkelen.
Om Ungdata
Ungdata er ei undersøking der skuleelevar over heile landet svarer på spørsmål om korleis dei har det, og kva dei driv med på fritida. Undersøkinga omfattar tema som familie, vennskap, skule, lokalmiljø, helse, mobbing, lovbrot og deltaking i fritidsaktivitetar. Undersøkinga blir gjennomført i skuletida og er anonym og frivillig.
Velferdsforskingsinstituttet NOVA ved OsloMet er ansvarleg for gjennomføringa av Ungdata-undersøkinga, i samarbeid med KoRus, kompetansesenter innan rusfeltet.
Målet med Ungdata er å gi kommunen innsikt og informasjon til å kunne utarbeide meir treffsikre og kunnskapsbaserte tiltak inn mot barn og unge i kommunen.
Ungdata i Tysnes kommune
Ungdata 2024 blei gjennomført i perioden januar - mars 2024.
I Tysnes kommune har desse svart:
- to skular på barnetrinnet (5.-7. trinn) - svarprosent på 92% (88 elevar)
- ungdomsskulen (8. - 10. trinn) - svarprosent på 81% (86 elevar)
Sist gong undersøkinga blei gjennomført var i 2021.
Arbeidet med resultata
Samanfattinga under er skriven av arbeidsgruppa for ungdataundersøkinga i Tysnes kommune, og er eit utdrag av rapportane frå sjølve undersøkinga.
Under kvart punkt finn du innleiande tekst frå Ungdata, medan kulepunkta viser resultatet oppsummert for Tysnes.
Om tolking av resultata
Når ein tolkar resultata, bør ein ta omsyn til at det alltid vil vere ei viss statistisk usikkerheit knytt til dei oppgjevne prosenttala. Usikkerheita er størst i undersøkingar der det er relativt få barn som har svart på undersøkinga og minst i dei store kommunane. Dette er viktig at me tek med oss når me les tala frå vår kommune.
Dette svarar elevar på mellomtrinnet (5.-7. trinn)
- Mellomtrinnet: Livskvalitet
Dei aller fleste barn synest sjølve at dei har eit bra liv.
Livskvalitet handlar om det som gjer livet godt å leve, og har både materielle og ikkje-materielle sider. Livskvalitet kan vere ei subjektiv oppleving av det livet ein lever, og handlar om trivsel og kor nøgd ein er med livet sitt, men òg kjensla av å vere til nytte eller oppleve meistring.
Barn og unge som har det bra, har ofte eit positivt sjølvbilete. Ei viktig side av livskvalitet handlar derfor om korleis vi ser på oss sjølve, både på godt og vondt. Dei aller fleste barn gir uttrykk for eit positivt sjølvbilete.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- 97% av gutane og 89% av jentene er einige i at livet deira er bra
- Jenter svarer lågare på spørsmål om dei likar seg sjølve slik dei er enn gutar
- Borna svarar på om dei er nøgde med livet sitt, om dei likar seg sjølve som dei er og om dei har alt dei ønskjer seg. Tala er stabile frå 2021 til 2024, men prosentdelen som likar seg sjølv som ein er, er ein del lågare i 2024 (69%) enn i 2021 (83%)
- Mellomtrinnet: Helse
Kor nøgde barna er med eiga helse, opplevingar av helseplagar og vonde eller vanskelege tankar og kjensler, er viktige indikatorar for fysisk og psykisk helse.Ungdata junior viser at dei fleste barn er nøgde med si eiga helse. Samtidig er det ein god del som oppgjev at dei ofte har hovudverk, vondt i magen eller kvalme. Ein del oppgjev også at dei ofte er lei seg, nedfor eller på gråten, og ein del blir ofte sinte. Å ha nokon å snakke med om triste eller vanskelege ting er viktig for å meistre dei utfordringane livet gjev.
Eit sunt og variert kosthald er ein viktig føresetnad for god helse og trivsel. Det vi et og drikk påverkar også korleis ein fungerer i det daglege. Svoltne barn kan til dømes ha vanskar med å konsentrere seg på skulen.
Nok søvn påverkar korleis ein fungerar i det daglege. Problem med å sovne og søvnmengde påverkar konsentrasjon og generelt velvære.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Elevane svarar at dei fleste er nøgd med eiga helse. På mellomtrinnet ser ein at 49 % er veldig nøgd med eiga helse, dette er nokre prosent under nasjonale tal. Prosentdel som er nøgde med helsa si er lik som i 2021
- Resultata frå Ungdata junior viser at dei fleste barn søv innafor rammene som er anbefalt for denne aldersgruppa
- Elevar som sov 6 timar eller mindre natt til den dagen dei svarte er likt som på landsbasis
- Talet på dei som søv 9 timar eller meir har gått ned frå 2021. Tidstrend på 9 timar eller meir synk også med alderen
- Gutar søv meir enn jenter
- Prosentdel som i løpet av siste veka har vore så søvnig at det har gått ut over skule og fritid er høgast på 6. trinn
- 30 % av elevane svarar at dei har hatt problem med å sovne siste veka
- Dei aller fleste (88%) seier dei har nokon å snakke med om vanskelege eller triste ting, men det er framleis ei lita gruppe med elevar som seier dei ikkje kan snakke med nokon
- Smertestillande tablettar blir hyppig brukt. Her ligg me rett under landsgjennomsnittet
- Fleire jenter enn guter rapporterer at dei har brukt smertestillande den siste veka
- Mellomtrinnet: Vener
For dei fleste er venner ei kjelde til leik, glede, støtte, samhøyrsle og stadfesting. Å vere saman med venner er for mange barn den mest sentrale aktiviteten. Eit godt vennskap kan fungere som eit sosialt immunforsvar som kan gjere barn meir robuste overfor ulike utfordringar i oppveksten og såleis fremje helse og trivsel. På lengre sikt er samspelet med jamaldringar viktig for utviklinga av sjølvbilete og sosial kompetanse. Motsett kan fråvær av nære venner, manglande stabilitet i relasjonar med jamaldringar eller einsemd vere ei påkjenning som gjer barn meir sårbare.
Dei fleste barn er sikre på at dei har minst ein god venn som dei stoler heilt på.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Prosentdelen på mellomtrinnet i Tysnes som seier dei har ein fortruleg ven er 87% blant dei som har svart. Det er ein liten nedgang sidan 2021 (89%)
- Det er 6% som svarar at dei for tida ikkje har nokon dei vil kalla venner, dette er over landsgjennomsnittet på 1%
- Det er like mange jenter som gutar som seier dei har ein fortruleg ven
- Det er færre på Tysnes (36%) enn i landet (44%) som seier dei alltid har nokon å vere saman med på fritida, men over halvparten svarar at dei som regel har nokon å vere med. 10% svara at dei som regel ikkje har nokon å vere med mot 6% på landsbasis
- Andelen born på mellomtrinnet som ikkje har vener å vere saman med på fritida og på skulen er høgare på Tysnes med 10%, mot 4 % på landsbasis. Talet er likt som i 2021
- Andel barn som vanlegvis er saman med vener heime hos kvarandre minst ein gong i veka, har gått ned sidan 2021. I 2021 var det 68%, i 2024 er det 55%
- Prosentdel som ofte eller veldig ofte kjenner seg einsame ligg på 12% i 2024. Dette var høgare i 2021, då det låg på 17%
- Mellomtrinnet: Foreldre
For dei aller fleste barn er foreldra og dei føresette dei aller viktigaste omsorgspersonane i barnet sitt liv. Ressursane heime – økonomisk, kulturelt og sosialt – dannar grunnlaget for levekåra, trivselen og utviklinga til barn og unge. Resultata frå Ungdata junior viser at dei aller fleste barn har svært gode og tette relasjonar til foreldra sine. Det store fleirtalet er nøgd med eigne foreldre, og barna oppgjev at dei likar å vere saman med dei.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Prosentdel av dei som har svara at dei er nøgde med eigne foreldre/ føresette, er 92% i 2024 mot 97% i 2021.
- Det er flest av dei eldste borna som har svara at dei er nøgde
- Dei fleste borna svara at dei hjelper til med husarbeidet, men det er store variasjonar i kor ofte dei gjer det. I Tysnes kommune er det 83 % som har svara at dei hjelper til minst ein gong i veka, mot 81 % i 2021
- Mellomtrinnet: Skule
Trivselen i norsk skule er god. Dei fleste barn opplever gode relasjonar til lærarar og til dei andre elevane i klassen.
Skulen er ikkje berre ein stad for læring, men òg ein viktig arena for sosialt samvær med andre barn, lærarar og andre tilsette på skulen. Skulen er ein stad der vennskap blir utvikla – i timane, i friminutta, men også på skulevegen.Det er derfor eit viktig funn at dei aller fleste barn på mellomtrinnet trivst godt på skulen. Det store fleirtalet meiner at læraren deira bryr seg om dei, og dei fleste barna kjenner at dei passar inn blant dei andre elevane i klassen. Dette er viktige element for opplevinga av trivsel og tilhøyrsle til skulen.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Prosentdelen som er nøgde med skulen dei går på er gått noko ned
- Elevane brukar noko mindre tid på lekser no enn i 2021
- 40% av elevane vert køyrd i bil til skulen, i staden for å gå/sykle eller køyre kollektivt
- Å grue seg til prøve, eller å snakke framfor klassen har ikkje endra seg i prosent
- Mange fleire jenter enn gutar gruar seg når dei skal ha prøve og er redde når dei skal snakke framfor klassen
- Mellomtrinnet: Mobbing
Mobbing er eit alvorleg problem for dei som blir ramma.
Alle barn har rett til å ha ein trygg og god oppvekst og eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring. Barn i Noreg rapporterer generelt om høg trivsel og gode levekår. Samstundes blir ein del barn utsette for mobbing og ulike former for krenking.
Ungdata junior har også kartlagt kor mange som har opplevd ulike negative hendingar på nett eller mobil. Nokre av desse hendingane vil kunne opplevast som nettmobbing, mens andre hendingar er enkeltepisodar som enkelte likevel vil kunne oppleve som krenkande.Slik svarar elevane på Tysnes:
- Prosentdel som har blitt stengde ute, plaga eller truga av andre barn omtrent kvar 14.dag eller oftare har gått noko ned frå 2021 til 2024
- Prosentdelen som har opplevd ei eller fleire negative hendingar på nett eller mobil i løpet av siste månad før undersøkinga er gått noko ned frå 2021 til 2024
- Mellomtrinnet: Skjermbruk
Det er store variasjonar mellom barn når det gjeld kor mykje tid dei bruker framfor ein skjem i løpet av ein vanlig dag.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Prosentdel av dei som har svara at dei brukar 3 timar eller meir framfor ein skjerm, er 44% i 2024 mot 36% i 2021
- Det er variasjon i kva dei bruker tida på, men det som kjem fram er at dei bruker mest tid på er spele dataspel/ TV-spel (37 % bruker meir enn 2 timar dagleg), sjå på TV/ filmar/ seriar/ YouTube (32% bruker meir enn 2 timar dagleg)
- Mellomtrinnet: Fritid
Dei aller fleste barn er med på ein eller fleire faste fritidsaktivitetar, og mange brukar fleire kveldar i veka på slike aktivitetar.
Barn har rett til fritid og like moglegheiter til å delta. Ungdata junior (5.-7. trinn) viser at dei fleste barna er med på faste, organiserte fritidsaktivitetar, gjerne fleire gonger i veka. Dei fleste driv med idrett. Færre barn driv med kulturaktivitetar som dans, song og musikkinstrument. Pass eller stell av dyr har òg ein sentral plass i fritida til barna.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Tysnes ligg over nasjonalt nivå på det å vere med på faste fritidsaktivitetar, 82% mot 77%, og det har vore ein oppgang sidan 2021
- Prosentandelen av born som er med på andre aktivitetar som t.d. idrett, musikk, og teater, ligg over landsgjennomsnittet
- Det er dobbelt så mange gutar enn jenter som fortel at dei deltek på fritidsklubbar
- Fleire born fortel at dei gjer aktivitetar saman med vaksne i familien fleire gonger i veka, og dette forsterkar svar om at born og unge likar å vere saman med foreldre/ føresette
- Halvparten av borna fortel av dei aldri les bøker, og 47% at dei les mindre enn ein time ein ettermiddag i veka. Å lese bøker, ein time eller meir, har gått frå 12% i 2021 til 3% i 2024. Vestland ligg her på 10%
- Mellomtrinnet: Lokalmiljø
Eit trygt og godt lokalmiljø som legg til rette for aktivitet og sosialt samvær, betyr mykje for barna sine liv.
Ulike nærområde og lokalmiljø gir ulike moglegheiter for aktivitet og sosialt samvær. Barn og unge brukar nærområdet i større grad og på ein annan måte enn vaksne. Trygge nærområde med god tilgang til ulike møteplassar er difor spesielt viktig for velferd og trivsel hos barn.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Born og unge er ganske nøgde med lokalmiljøet/ nærområdet sitt, men talet har gått litt ned sidan førre undersøking, og vi ligg litt under nasjonalt nivå.
- Det er svært gode tal på å kjenne seg trygg i lokalmiljøet og på skulevegen, og desse tala har gått opp sidan 2021. Her ligg vi òg over nasjonalt nivå
Ungdomstrinnet
- Ungdomstrinnet: Helse
Dei aller fleste unge har god helse. Ungdomstida er ein periode med store forandringar, både kroppsleg og mentalt. I løpet av ungdomsskulen har dei fleste komme i puberteten, og mange har begynt å få kjensler overfor seg sjølve og andre som dei ikkje hadde som barn.
For mange er dette ei spennande tid der dei får nye erfaringar, utviklar seg sosialt og prøvar ut ting dei aldri har gjort før. Samstundes er dei tidlege tenåra ein periode der stadig fleire opplever ulike former for psykiske helseplager, og der vonde tankar og kjensler vil kunne prege korleis dei fungerer i kvardagslivet. Gjennom ungdomstida skjer det ofte store endringar i søvnvanar.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- 71% av gutane og 53% av jentene er nøgd med helsa si
- Prosentdel som har hatt hovudverk kvar dag den siste månaden er mykje høgare hos jenter enn hos guter. Det same gjeld andre fysiske plager
- Tysnes ligg over nasjonale tal på dagleg bruk av smertestillande tablettar. Jentene brukar meir smertestillande tablettar enn gutane
- Tala viser at gutane har gått meir til helsesjukepleiar enn jentene i løpet av det siste året. Dette er ei stor endring frå resultata i 2021
- Større prosentdel av jenter seier at dei har hatt mange psykiske plager dei siste sju dagane. Ein ser også større prosentdel jenter som har opplevd mykje stress og som i løpet av siste veka har hatt så mykje press at dei har hatt problem med å takle det
- 68% av gutane og 50% av jentene et frukost før første time. Nesten alle gutane (93%) et matpakke eller lunsj på skulen medan berre 63 % av jentene gjer det
- Jentene søv mindre enn gutane og 42% av jentene svarar at dei sov seks timar eller mindre natt til dagen før undersøkinga. Fleire jenter enn gutar rapporterer om problem med å sovne og det å vere så søvnig at det har gått ut over skule eller fritid minst tre dagar
- Ungdomstrinnet: Vener
Ungdomstida blir gjerne skildra som ein livsfase der jamaldringar er særleg viktige. For dei fleste er venner på same alder ei kjelde til leik, glede, støtte, samhøyr og stadfesting. Vennene si tyding endrar seg ofte i overgangen frå barn til tenåring. Medan leiken står i sentrum for dei yngste, har det etter kvart like mykje å seie kven ein er saman med som kva ein gjer.
Sosiale medium har gjeve ungdom ein ny arena å vere saman på. Ungdommane deler informasjon og opplysningar om liva sine, kva dei gjer og kven dei er saman med, på ein annan måte enn foreldra deira gjorde.
På lengre sikt er jamaldringane viktige for utviklinga av sjølvbilete og sosial kompetanse. Å ha venner er viktig fordi det gjev ei oppleving av å vere godteken. Kva venner ein har markerer tilhøyrsle og seier òg noko om kven ein er.
Ni av ti unge i Norge har ein venn dei kan snakke med om alt mogleg.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- 92% av ungdomsskulelevane som har deltatt svarar at dei har minst ein fortruleg venn. Dette er ein auke frå 2021 då talet var 84%
- Prosentdel som har vore ute med vener størsteparten av kvelden minst to gonger siste veka, er 22% i 2024 mot 24% i 2021. Det er fleire på Tysnes enn i landet som svarar at dei «ingen gonger» har vore saman med venner heime hos seg eller dei siste veka, og fleire på Tysnes enn i landet som svarar «ingen gonger» om å ha vore ute med venner størsteparten av kvelden
- Det er variasjonar i kor stor del av kveldane ein har nytta til å vere sosial på nett største del av kvelden, frå 16 % som svarar «ingen gongar», til 36% som svarar 6 gongar eller meir
- Det same gjeld kor mange som har spelt «online spel» største del av kvelden, frå 35% som svarar «ingen gongar» til 22% som varar 6 gongar eller meir
- Det er 46% som svarar at dei ikkje har vore plaga med einsemd siste veka (mot 50% i 2021), og 5% som svarar at dei har vore «veldig mykje plaga» (mot 19% i 2021). Det er like mange gutar og jente som svarar at dei har følt seg einsame siste veka
- Ungdomstrinnet: Foreldre
Studiar tyder på at foreldra har mykje å seie for dei unge sine utdanningsval og fritidsinteresser. Samstundes som foreldra er viktige, er lausriving og det å bli ein sjølvstendig person òg ein del av det å vere ung. Etter kvart som barn blir eldre, blir deira eigne meiningar og interesser viktigare. Her kan det liggje ein kime til konfliktar mellom dei unge og foreldra. Likevel varer som regel den emosjonelle nærleiken til foreldra ved utover i ungdomstida. Dei fleste ungdommar i dag har eit tillitsfullt og nært forhold til foreldra sine, og mykje tyder på at den avstanden eller generasjonskløfta vi har vore vande med å snakke om mellom ungdommen og foreldregenerasjonen, har blitt mindre. At banda mellom dagens ungdom og foreldra deira er prega av tillit, blir understreka av at svært mange opplever at foreldra har god oversikt over kva dei gjer i fritida og kven dei er saman med.
Ungdata viser òg at dei færraste ungdommar opplever stadige kranglar med foreldra, og at det store fleirtalet er svært godt nøgde med foreldra sine. For mange unge er foreldra dei viktigaste støttespelarane når det oppstår problem av ulike slag.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- 73% av dei som svarar seier at dei er «svært nøgde» med foreldra sine. Kun 3% seier der ei svært misnøgde. Dette ligg om lag likt som i landet. Det er litt fleire gutar enn jenter som seier dei er nøgde med foreldra
- Totalt er det 89% som svarar dei er nøgd, i 2021 var det 90%
- Ungdomstrinnet: Skule
Skulen er ein god stad å vera for dei aller fleste - men ikkje for alle.
Skulen er ikkje berre ein stad for læring, men òg ein viktig arena for sosialt samvær. Skulen er ein stad der vennskap blir utvikla –både i timane, i friminutta og på skulevegen. I ei tid der digitale kommunikasjonsformer pregar mykje av fritida til ungdommen, blir den sosiale sida ved skulesituasjonen, og det fysiske samværet der, kanskje ein enno viktigare del av livet til dei unge enn tidlegare.
Ein god del unge opplever skulearbeidet som stressande. Positivt stress kan vere bra og hjelpe ungdommen med å fokusere på læringsoppgåvene. Samstundes kan stress vere negativt, særleg for dei som opplever vedvarande stress over tid og at gapet mellom eigne ambisjonar og det ein får til blir for stort.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Dei fleste elevane trivst på skulen
- Dei fleste elevane meinar at lærarane bryr seg om dei
- Mange kjedar seg på skulen
- Eit mindretal gruar seg til å gå på skulen
- Elevar brukar frå ein halv til 2 timar på lekser kvar dag
- Elevane brukar mindre tid på lekser/anna skulearbeid no enn før
- Delen av elevar som skulkar er låg, og prosentdelen har ikkje endra seg noko særleg
- Ungdomstrinnet: Vald og trakassering
På landsbasis opplever om lag åtte prosent jamleg å bli plaga, utfrosen eller truga av andre unge.
Ungdom i Noreg rapporterer generelt om høg trivsel og gode levekår. Samstundes blir ein del unge ramma av mobbing, vald eller andre former for trakassering. Nokre opplever vald og krenkingar frå andre unge, og mobbing og seksuelle krenkingar i ungdomstida er særleg kopla til jamaldringar.
Medan mobbing har stått høgt på dagsorden i lang tid, har seksuell trakassering og vald som foreldre utset unge for, fått mindre merksemd i forskinga. I dag er vi meir merksame på desse fenomena. Det er rekna for viktig å ha god kunnskap og oversikt slik at ein kan utvikle betre politikk på området.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Dei fleste opplever ikkje å bli utsett for plaging, trugsmål eller utfrysing av andre på skulen eller i fritida
- 12% opplever å bli mobba minst kvar 14.dag
- Svært få svarar at dei er med på plaging, trugsmål eller utfrysing av andre på skulen eller i fritida
- Svært få vert mobba, truga eller utestengd på nett
- Ungdom opplever mest at nokon har spreidd negative seksuelle rykte om dei, eller at nokon på ein sårande måte har kalla dei for hore, homo eller andre ord med seksuelt innhald
- Nokre elevar svarar at dei har blitt slått, sparka, rista hardt, blitt lugga eller liknande
- Svært få har blitt truga, gått til angrep på eller blitt rana med gjenstandar eller våpen
- Vald i familien er ein realitet for nokre få elevar
- Ungdomstrinnet: Mediabruk
Skjermabaserte aktivitetar har stor plass i ungdomstida.I dag speler digitale medium ei sentral rolle i ungdommen sitt kvardagsliv, både for skulearbeid og det sosiale livet. Teknologien gjer at barn og unge kjem i kontakt med jamaldringar på nye måtar. Mange bruker mykje av fritida si på internett, og det kan ha store sosiale kostnader for den enkelte unge å ikkje vere til stades. Samstundes har digitale medium gjort ungdommen si verd større.
Sjølv om mange bruker mykje av fritida si på digitale skjermaktivitetar, er det òg stor variasjon mellom ungdommar. På landsbasis viser tala at nokre få bruker mindre enn éin time kvar dag framfor ein skjerm, medan tre av fire bruker meir enn tre timar. Skjermtida aukar gjennom ungdomstrinnet, og det er vanleg at gutar til saman bruker noko meir tid på skjermbaserte aktivitetar enn jenter.
Prosentdelen unge som bruker minst tre timar framfor ein skjerm har gått opp sidan 2005. Det er òg store kjønnsforskjellar i ungdommen sine skjermaktivitetar. Medan gutar er mykje meir opptekne av spel, er jenter oftare på sosiale medium. Samla bruker jenter òg noko meir tid enn gutar på filmar, seriar og TV-program.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Tid ungdommane brukar framfor skjerm utanom skuletida, varierar frå 1% som svarar at dei ikkje bruker noko tid, til 12% som svarar at dei bruker 6 timar eller meir. Størst del, 39%, svarar at dei brukar 3-4 timar. Det er fleire enn på nasjonalt nivå
- Prosentdel som brukar minst 3 timar eller meir, fordeler seg relativt likt mellom gutar og jenter og over dei tre trinna på ungdomsskulen, men det er litt fleire i 8. trinn som svarar at dei brukar 3 timar eller meir
- Om kva type medium dei brukar, er det 30% som svarar at dei brukar meir enn 3 timar på sosiale medium. Elles er det varierande mellom kor mykje tid dei brukar på film/ Youtube, speling på telefon/ nettbrett, sjå på TV, spele dataspel
- 66% svarar at dei ikkje bruker noko tid på å lese bøker
- Tidstrenden viser at 73% svarar at dei bruker meir enn 3 timar framfor ein skjerm kvar dag. I 2021 var dette talet 58% (dette er utanom skjermbruk til skulearbeid)
- Ungdomstrinnet: Organisert fritid
Ungdata viser at dei aller fleste barn og unge har delteke eller vore innom ulike typar organiserte fritidsaktivitetar gjennom oppveksten. Organisasjonar, klubbar, lag og foreiningar er viktige arenaer for samvær med andre unge og gir andre erfaringar og læringsvilkår enn skulen, og meir uformelle situasjonar. På sitt beste gir organisasjonane gode og varierte opplevingar. Ungdommane får moglegheiter til å utvikle evnene sine og trening i å fungere i eit fellesskap, ytre meiningar og jobbe målretta.
Nasjonale tal frå Ungdata viser at det frå rundt 2018 har vore ein markert nedgang i kor mange som seier at dei er med på organiserte fritidsaktivitetar. Pandemien medverka noko til nedgangen.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Det er i idrettslag at dei fleste ungdommane er aktive innan organisert aktivitet
- Det er litt fleire jenter enn gutar som er aktive, og ein større andel på 8.-9. trinn enn 10. trinn
- Prosentdelen av elevar på ungdomstrinnet som er med i organisasjonar, klubbar og lag har gått jamt oppover frå 2019 – noko som er positivt samanlikna med nasjonalt nivå, der talet er lågare, og synkande
- Ungdomstrinnet: Trening og fysisk aktivitet
Å trene er noko dei fleste ungdommar driv med. Nokre ungdommar trener svært mykje.
Dei fleste ungdommar trener, men det er stor variasjon i kva for treningsaktivtet dei driv med. Medan mange spelar handball, basket, fotball eller driv med annan idrett gjennom idrettslag, har andre treningssenteret som sin faste treningsarena.
Det er òg mange unge som trener på eiga hand, anten åleine eller saman med venner. Ungdata viser at tre av fire norske tenåringar er med i organisert idrettslag i løpet av ungdomstida, og endå fleire har vore med som barn.
Samstundes er fråfallet frå ungdomsidretten høgt. Nesten 6 av 10 som har vore med i ungdomsidretten, sluttar før dei blir 18 år. Ungdomstida er ei tid då mange får nye interesser, og det er naturleg at mange vel andre måtar å vere fysisk aktive på.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Over halvparten av ungdommane trenar 3 gonger eller meir i veka, gutane litt meir enn jentene
- Den mest vanlege treningsforma er gjennom eit idrettslag eller på treningsstudio
- Ungdomstrinnet: Rusmiddel
Ungdomstida er ei tid då mange ungdommar gjer sin første erfaring med ulike rusmiddel. I ungdomsalderen blir rusmiddel ofte brukt i sosiale fellesskap, og for mange fungerer eksperimentering med og bruk av alkohol som ei symbolsk markering av overgangen frå barn til ungdom. Samstundes veit me at det å debutere tidleg aukar sannsynet for både skadar og negative opplevingar i ungdomstida.
Alkohol er det vanlegaste rusmiddelet blant ungdom.
På ungdomsskulen har dei færraste byrja å drikke alkohol.
På ungdomsskulen er det få som røykjer, snusar eller bruker e-sigarett.
Bruk av narkotika blant ungdom er eit tema som ofte vekker uro og som får stor merksemd.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- 95% av gutane og 88% av jentene har aldri smakt alkohol eller berre smakt nokre få gonger
- Tal over kor mange som ikkje har vore rusa det siste året ligg over nasjonale tal. Det same gjeld for tala over kor mange som veit dei ikkje får lov av foreldra å drikke alkohol
- Tal over elevar som har vore rusa på alkohol det siste året har gått ned frå 2021
- 92 % svarar at dei aldri har røykt, 91% har aldri prøvd snus og 89% har aldri brukt e-sigarettar
- Prosentdel av elevar på ungdomstrinnet som snusar kvar dag eller kvar veke er 0%. Det har gått ned frå 3% i 2021
- 96% svarar at dei aldri har prøvd hasj eller marihuana. Dette er like tal som på nasjonalt nivå
- Prosentdel av ungdommar som har brukt hasj eller marihuana det siste året har gått opp frå 2021
- 90% svarar at dei ikkje har fått tilbod om hasj eller marihuana det siste året, det ligg likt som i 2021
- 98% har ikkje prøvd andre narkotiske stoff det siste året
- Ungdomstrinnet: Regelbrot
Dei fleste unge er nokså lovlydige. Det er oftast nokre få av ungdomane som står for mesteparten av lovbrota.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Landsnivået på dei som er involvert i mange regelbrot i ulik grad ligg på 16%. På Tysnes er det nærast ingen som svarar at dei er involvert i slikt. 58% svarar at dei ikkje er involvert i nokon form for regelbrot. Type regelbrot det kan vere snakk om er alt frå å ta med seg varer frå butikken, vere deltakande i slåsskamp, øydelagt noko med vilje, lurt seg frå å betale på buss, kino, skulka skulen, vore borte om natta utan at foreldra har visst det
- Prosentdel av elevane som har teke varer får butikken utan å betale er 4% i 2024, mot 3% i 2021
- Prosentdel som har gjort hærverk med vilje siste året har vore ein oppgang til 12% i 2024 mot 8% i 2021
- Ungdomstrinnet: Lokalmiljøet
Ulike lokalmiljø kan gi ulike mogelegheiter for å utfalde seg og ha sosialt samvær. Trygge og sunne lokalmiljø er særleg viktige for velferda til barn og unge, sidan dei som regel brukar lokalmiljøet i større grad og på ein annan måte enn foreldra og andre vaksne. Barn og unge kan òg ha andre meiningar enn vaksne om kva som gir livskvalitet på heimstaden.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Dei fleste ungdommane er verken spesielt nøgd eller misnøgd med lokalmiljøet sitt, men eit stort fleirtal kjenner at dei har ei sterk tilhøyrsle til heimstaden sin
- Gutane er litt meir nøgd med lokalmiljøet enn jentene, og dei kjenner litt meir på tilhøyrsla enn jentene
- Å vere nøgd med lokalmiljøet har gått jamt nedover frå 2019 til i dag, og vi ligg under både nivået på Vestland og på nasjonalt nivå
- I spørsmål om tilbod til ungdom av idrettsanlegg, lokale ein kan treffast, og kulturtilbod seier svarfordelinga at det ligg jamt over frå svært bra til svært dårleg. Kollektivtilbodet er det som skil seg ut meir negativt, som eit svært dårleg tilbod
- Ungdommane svarer tydeleg at dei er trygge i nærområdet sitt, og her ligg ein rett over både nivået i Vestland og over nasjonalt nivå
- Ungdomstrinnet: Framtid
I dag har vi med ein utdanningsorientert ungdomsgenerasjon å gjere. Aldri tidlegare har så mange unge teke så lange utdanningar som i dag.
Eit av dei sentrale måla i norsk utdanningspolitikk er sosial utjamning, slik at alle skal ha dei same moglegheitene til utdanning. Sjølv om at vi har eit ope utdanningssystem med gode finansieringsordningar, er det framleis store forskjellar i val og gjennomføring av utdanning etter utdanningsnivået, inntekta og yrkesstatusen til foreldra. Dei aller fleste byrjar direkte i vidaregåande opplæring etter grunnskulen. Likevel er det ikkje alle som fullfører.
Dei fleste ungdomsskuleelevane trur at dei vil fullføre vidaregåande skule, og ein klar majoritet trur at dei kjem til å ta universitets-eller høgskuleutdanning. På andre område ser vi ein tydeleg trend i retning av mindre framtidsoptimisme. Prosentdelen som trur at dei aldri kjem til å bli arbeidsledige, har gått markant ned, og færre enn før trur at dei kjem til å leve eit godt og lukkeleg liv.
Slik svarar elevane på Tysnes:
- Dei fleste ungdommane trur dei vil fullføre vidaregåande skule
- Ca 1/3 trur dei vil ta ei høgare utdanning. Det er godt under det som er svara nasjonalt. Nesten av halvparten er framleis usikre på kva dei skal gjere
- Over halvparten trur ikkje dei vil bli arbeidsledig, noko som er godt over det elevar svarar nasjonalt
- Tala er omtrent som før på spørsmål om elevane trur dei vil leve eit godt å lukkeleg liv, 68%. Ingen svarer nei på dette spørsmålet