Fredag 10.januar var valfaga Fysisk aktivitet og helse og Friluftsliv til Solheimsdalen og fekk prøvd ut, og utvikla skiferdigheitane sine.
Eit nydeleg vintervêr med nokre få minusgradar og strålande sol.
Onarheim idrettslag hadde opna varmestova og fyrt i bålpannene til me kom opp, fantastisk service!
Mange gjekk fleire runder i skianlegget, nokre få gjekk til Grovatnet men alle var i aktivitet.
Jatakk til mange fleire slike dagar!