På onsdag er det igjen klart for næringssamling i regi Tysnes kommune, Tysnes Næringsråd og Tysnes Gjev Meirsmak.
Me håper å sjå mange av dykk på Haaheim 22. februar.
Sjå programmet og meld deg på i Friskus, eller meld deg på med ein e-post til synnove@meirsmaktysnes.no. Melder du deg på i Friskus, kan du leggje arrangementet til i kalenderen din.
Målgruppa for samlinga er alle som interesserer seg for næring og næringsutvikling i Tysnes kommune. Anten du driv næring eller ikkje. Arrangementet er opent for alle!