Næringssaker i tiltaksnemda

Formannskapet i Tysnes kommune er tiltaksnemnd, med rådmannskontoret som sekretariat. Tiltaksnemnda handsamar mellom anna overordna næringssaker.

BU-midlar

Jordbruks- og skogbrukssaker, og bygdeutviklingsmidlar (BU-midlar) vert handsama av landbrukskontoret.

Statlege midlar til næringsutvikling

Statlege midlar til næringsutvikling vert tildelt eit regionalt næringsfond som vert administrert av Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Tilskotsordningar innan landbruket

Andre tilskotsordningar innan landbruket finn du meir informasjon om hos Statens Landbruksforvaltning.

Tysnes industrikai

Tysnes industrikai på Heningen er kommunen sin kai som skal nyttast til transport av gods inn og ut til Tysnes sjøvegen.